Ingebjørg Bratland fylte operasalen i Normoria med ei lys, mjuk røyst, songar som ber på eigne historier og ein nær kontakt med publikum. Konserten romma både det stillferdige og det humoristiske. Vi fekk høyre sangar som «Fly fint» og ein norsk versjon av Suzanne Vegas «Luka», til ei vuggevise ho har sunge i meir enn tretti år. Det var ein kveld der formidlinga fekk stå i sentrum, utan at musikken trong store fakter.

Ingebjørg Bratland: Foto: Elias K. L. Hagen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementEg har følgt Bratland på litt avstand, og lenge beundra stemmeprakta hennar. I Normoria fekk ein høyre kor godt ho også ber ein heil konsert åleine som formidlar. Røysta er lys og mjuk, men aldri veik. Ho ligg tydeleg over det nedtona lydbiletet og fyller operasalen utan å presse seg fram.

Bratland opna med å fortelje at ho nesten hadde forsove seg, trass i at ho gledde seg så mykje til å kome til Kristiansund. Ho tok publikum med inn i den gode stemninga med ei lita oppramsing av lokale favorittar. Klippfisk, blandaball og egg: Samt eit enkelt, treffande uttrykk for tilknyting:
– Eg er veldig glad i Kristiansund.
Det var ikkje ei lang opningshistorie, men ho sette tonen. Bratland framstod avslappa og nær, og snakket mellom songane fekk vere ein del av konserten utan å ta over for musikken.
«Djupe åndedrag» frå det første soloalbumet hennar fekk ei kort innleiing om mora. Ein fantastisk, men streng person som har sett spor. Seinare kom «Bror», knytt til historia om dei to adopterte brørne hennar. Bratland fortalde om korleis familien fekk dei inn i livet sitt, og om ei morosam hending frå barndommen då den eldste broren kom heim frå skulen og ville gav mora eit kompliment. Historiene gav songane eit konkret feste. Dei vart ikkje presenterte som lausrivne nummer, men som delar av eit liv og ein familie.

«Fly fint» var eit av kveldens tydelegaste døme på Bratland som låtskrivar og forteljar. Ho introduserte songen som ei vise om å seie farvel, om det vesle stikket som kjem når nokon dreg, og om å måtte sleppe taket og likevel ønskje den andre alt godt. Den forklaringa låg nær songens varsame uttrykk, utan å avgrense kva lyttaren kunne finne i han.
Bratland omtalte songen som ei trøystevise, og same kvaliteten fann eg i «Eg held handa di», som eg nyleg hadde spurt om publikum i Kristiansund ville få høyre. Det fekk vi. Songen, som blir sleppt i dag, var eit av dei nye innslaga og fungerte som ei stillferdig trøystesong. Det låg noko fint i at ho ikkje vart framført som eit stort klimaks, men fekk kome med den rolege sjølvsagtheita songen kledde.
I løpet av kvelden fekk gitaren av og til vike. Når Bratland stod utan instrument og berre song, kom ei anna side av uttrykket fram. Eg fekk då assosiasjonar til Stevie Nicks. Ikkje som ein direkte musikalsk kopi, men i måten Bratland kunne stå med ei roleg, sjølvberande scenetilstadeværing. Det var stilig, og det synte kor lite ho trong å støtte seg på andre enn røysta si.

Bratland hadde med seg Christer Slaaen på gitar, Ingelin Reigstad Norheim på gitar og keyboard, og Idar Rolland på trommer og syntbass. Samspelt gav dei songane eit romsleg og fleksibelt bakteppe. Bandet var til stades utan å ta hovudrolla frå songane, og kunne skifte mellom det varsame og det meir rytmiske.

Rolland utmerkte seg med ei løysing som gav konsertlyden eit særleg særpreg. Medan han spelte trommer, laga han bassakkordar på keyboard og kora. Det var ei form for musikalsk fleirarbeid som minna om Gabby Lee, og som gav arrangementa eit ekstra driv utan at scenen vart overlessa.
Då bandet vart presentert, gjorde Bratland det med same lune humoren ho hadde brukt tidlegare. Ho venta seg tydelegvis ei raus mottaking frå det nordmørske publikummet, og det fekk ho. Etterpå fekk «Di Ingebjørg» følgje, ein song som også viste kor godt den direkte, personlege formidlinga hennar fungerer i møte med eit fullt rom.

Konserten romma og songar der innhaldet peika utover det private. Bratland fortalde om den norske versjonen av Suzanne Vegas «Luka», og om bruken av songen i kampanjen «Taushet tar liv» mot vald i nære relasjonar. Ho forklarte at kampanjen handlar om å varsle og spørje når ein mistenkjer at noko ikkje står bra til hos nokon ein kjenner eller hos ein nabo. Songen fekk dermed ei tydeleg ramme.
I den andre enden av skalaen kom den norske versjonen av Bob Dylans «Fordi eg elskar deg». Bratland spøkte med at publikum gjerne måtte synge med, men helst «inn i seg sjølv», så det ikkje enda i ein uplanlagd duett. Det var eit lite augeblikk som viste kor godt ho balanserer mellom det nære og det morosame. Publikum fekk vere med, men på hennar premissar.

Mot slutten fortalde Bratland om den tonedøve faren sin, som sjeldan kjem på konsert, men som hadde sett henne som mentor på TV. Han skreiv at ho var kjempeflink. Då ho ringde for å få vite kva han meinte, kom forklaringa:
– Det som var så godt med deg i programmet, det var at du bare pratet, at du ikke sang.
Anekdoten fekk salen til å le, men fungerte også som ei av kveldens mest presise småskildringar av Bratlands forhold til musikken. Ho er sjølvsagt songar, men denne konserten viste kor mykje av uttrykket som ligg i måten ho snakkar, fortel og let songane få rom.
Før den siste songen, ekstranummeret, fortalde ho at mora er glad i Nanci Griffith, og at ho hadde laga ein norsk versjon av «From a Distance», altså «På avstand». Songen vart ein roleg avslutning etter ei rekkje ulike forteljingar og musikalske uttrykk. Før det hadde Bratland også teke fram ei gammal bånsull heimanfrå, som ho har sunge i meir enn tretti år. Slik fekk konserten ei avrunding som peika tilbake mot røtene hennar, og mot songen som noko ein ber med seg lenge.
Konserten på Normoria var ikkje bygd kring store overraskingar eller eit høgt tempo. Styrken låg i variasjonen mellom songane og i den nære måten Bratland knytte dei saman på: med familieforteljingar, humor, samfunnsengasjement og eit musikalsk uttrykk som heldt seg stødig frå start til slutt. Ho viste at ei lys og mjuk røyst kan bere mykje, også når ho berre står der, utan gitar, og syng. Rett og slett en sabla god konsert.

Eg har følgt Bratland på litt avstand, og lenge beundra stemmeprakta hennar. I Normoria fekk ein høyre kor godt ho også ber ein heil konsert åleine som formidlar. Røysta er lys og mjuk, men aldri veik. Ho ligg tydeleg over det nedtona lydbiletet og fyller operasalen utan å presse seg fram.

Julemesse, allsang og konsert med Gøsta Lindh og band står på programmet når Wirumbrygga gjør seg klar for advent. Etter en uke med kunst, håndarbeid og sosiale møteplasser avsluttes det hele med adventsbad i sjøen søndag.