Laurdag 3. januar 2026 samla Møre Frie Vikingar seg til handverkssamling. Laget vart stifta i 2005 og hadde i fjor 20 år med aktivitet. Applausen har snakka med Skafti Helgason, en grunnleggarane av Møre Frie Vikingar, om kvifor handverket framleis er kjernen i verksemda.

Fv: Frank Sschneider Villa og Skafti Helgason. Skafti lagar eit futteral i tre for synålar. Foto: Erik Aukan / Applausen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementVikingelag i Noreg vert ofte assosiert med kamptrening og historisk strid, men ifølgje Skafti Helgason er dette berre ein mindre del av aktiviteten. Grunnlaget for laget var frå starten av interessa for tradisjonelle handverksteknikkar.
– «Eg er sånn som driv med kunsthandverk, men hovudsakleg lagar eg ting basert på handverk og handverksteknikkar, der kulturen tas vare på. Det er tanken bak heile laget. Det var jo handverkarar som stifta det i den tida», seier Skafti Helgason.
Han peikar på at kamp utan handverk ikkje gir meining i ein historisk samanheng.
– «Du kan ikkje slåst viss du ikkje har klede», seier Helgason, og understrekar samanhengen mellom praktiske ferdigheiter og historisk truverd.
Møre Frie Vikingar legg mykje vekt på å laga ting. Praktiske gjenstandar som har en funksjon, slik som ei skjei, ein kopp eller å laga sine eigne klede.
Handverket handlar ikkje berre om formidling av fortida, men om grunnleggjande ferdigheiter knytte til det å leve.
– «Du er nøyd til å ha skje, du er nøyd til å ha tallerken, du er nøyd til å ha dei tinga du treng for å kunne overleve. Det er det Møre Frie Vikingar er basert på», seier Helgason.
Han avviser at dette er ei form for moderne «prepping».
– «Nei, dette er kulturhistorisk handverk», presiserer han.
Samtidig meiner han denne kunnskapane har relevans også i ei urolig samtid.
– «Det kulturhistoriske handverket er faktisk utruleg viktig når du ser fare for krig og andre ting, for der kan du faktisk gjere ting sjølv og halde ting i live», seier Helgason, og viser til konkrete ferdigheiter.
– «Som å bøte på eigne klede, eller laga daglegdagse bruksgjenstandar og kunne gjere opp ild om du treng det. Alt handverk er ein del av det å halde ved like tryggleiken i landet.»
Helgason meiner mykje av den praktiske kunnskapen har vore på veg ut av kvardagen.
– «Det er ikkje så veldig mange som kan bruke kniv lenger», seier han, og peikar på at ungdom i dag ofte møter restriksjonar.
– «Ungdom får nesten ikkje lov til å bruke kniv i dag. Det er litt synd.»
Likevel ser han ei motrørsle.
– «Det byrjar å bli fleire skular som er interesserte i akkurat dette vi driv med», seier Helgason.
Han forklarar at handverket i seg sjølv er lite ressurskrevjande.
– «Skal ein hente emne frå skogen, då er det gratis. Du treng i grunn ikkje anna enn kniv for å skape ting.»
Ein viktig del av handverkstradisjonen er tekstilarbeid, saum og reparasjon.
– «Saman med stoff og det å kunne sy og reparere det ein treng, det er viktig å kunne. Det er kunnskap du får bruk for i kvardagen», seier Helgason.
Han peikar på at denne kunnskapen påverkar haldningar til forbruk.
– «Det gjer at du tek betre vare på kleda dine.»
Her meiner han ungdommen skil seg positivt ut.
– «Ungdommen kjøper ikkje så mykje nytt. Mange reparerer, kjøper brukt og forandrar på ting», seier han, og legg til:
– «Gjenbruk er mykje meir på moten og meir akseptert.»
Ifølgje Helgason er det nettopp dei yngre som driv utviklinga vidare.
– «Eg trur ungdommen faktisk er dei som er flinkast til å ta vare på dette», seier han.
Han meiner ansvaret for kulturhistoria ligg hos dei som kjem etter.
– «Det er dei som skal føre kulturhistoria vidare. Det er ikkje vi gamlingane.»
I Møre Frie Vikingar ser han ein fruktbar kombinasjon av erfaring og fornying. Som nevnt vart laget stifta av handverkarar med sterk sans for å ta vare på handverkartradisjonen. I dag ser ein korleis interessa for slikt handverk har økt. På handverkssamlinga denne laurdagen var det eit godt oppmøte av ivrige handverkarar som holdt på med emna sine, heilt fra de som sydde til dei som brukte øks og kniv for å forme tre-emna sine.
– «Det er både tillært kunnskap over fleire år, og ein miks av unge som kjem inn og lærer seg nytt. Vi har no yngre som verkeleg jobbar for å få den gamle handverka til å fungere. Det er utruleg artig å sjå», seier Skafti Helgason.
Vikingelag i Noreg vert ofte assosiert med kamptrening og historisk strid, men ifølgje Skafti Helgason er dette berre ein mindre del av aktiviteten. Grunnlaget for laget var frå starten av interessa for tradisjonelle handverksteknikkar.

Under feiringen av Anetts Danceterias 40-årsjubileum i Festiviteten forteller ordfører Kjell Neergaard om det politiske vedtaket som gir kulturen en mer synlig plass i kommunens arbeid. Før hvert bystyremøte skal det nå presenteres et kulturelt innslag. For Neergaard handler det om mer enn underholdning. Han mener kultur er avgjørende for fellesskap, identitet og samfunnets beredskap. Neergaard avslører også et ukjent talent for dans.

De varmet opp for Pil og Bue på Kulturfabrikken, lørdag 06. juni. Dette er rå ur metal med influenser godt inne i det skjedde i Storbritania på slutten av 1970 og begynnelsen av 1980 tallet. New Wave of British Heavy Metal, ga oss direkte Iron Maiden, Def Leppard, Raven, Venom, Diamond Head og videre som en videreføring. Band som Metallica, Megadeth og mye av det vi i dag tar for gitt. Eyes of Disaster tar opp arven, og er langt fra noen Disaster

Henrik A. Stordalen i Strawberry-konsernet, delte i sitt foredrag på Nordmørskonferansen i Kristiansund sine ambisiøse planer for et nytt hotellprosjekt. Stordalen er Business Development Manager og involvert i eiendomsforvaltningen og leieavtalene i konsernet. Han understreket viktigheten av å videreføre arven fra sin far, Petter Stordalen, gjennom et friskt perspektiv.