Hans-Olav Solli har fått to tilskot frå Kulturminnefondet til arbeidet med å ta vare på den kulturhistorisk verdifulle eigedomen Der’ne garden i Eidsvåg.

Kulturminnefondet melder i en artikkel at Våningshuset på garden er ei eldre Romsdalslån i to etasjar, med enkle vindauge av rokokkotype. Dei originale vindauga står framleis intakte med den opphavlege omramminga – noko som er sjeldsynt i så gamle hus, og som gjer at dei har høg kulturminneverdi.
Treverket i vindauga er av framifrå kvalitet og har få råteskadar trass alderen. Arbeidet omfattar kitting, måling og mindre trearbeid, der samtlige 48 vindaugsfag har vore teke ut, olja, kitta og måla med linoljemåling. Resultatet har gjeve huset eit skikkeleg løft.
– Dette vart ei skikkeleg ansiktsløfting på huset, fortel ein tilfreds huseigar som er svært nøgd med samarbeidet med Kulturminnefondet.
I tillegg har Solli fått tilskot til grunnarbeid på løa frå 1800-talet, der bygningen består av fleire tømmerkasser kombinert med eit grindbygg over to etasjar. Låven står på ein tradisjonell tørrmur som har fått setningsskadar på grunn av dårleg grunn og fuktig klima.
Tiltaka omfattar drenering, fjerning av dårlege massar, remuring og stabilisering av konstruksjonane. Kulturminnefondet har gjeve inntil 120 000 kroner i tilskot til dette arbeidet.
– Låven er verdifull og skal halde fram i bruk. Alle tiltak er gjennomført med høg kvalitet, og vi har sett at eigaren følgjer opp prosjekta svært godt, seier direktør Pia Wigtil i Kulturminnefondet
Namnet Der’ne kjem av at Der’opp garden låg like ved. I dag står berre hustuftene att etter den gamle garden.
Gardsvegen fram til Der’ne er 1,2 kilometer lang – ein påminnar om korleis mange slike kulturminne ligg litt avsides, men like fullt ber fram historia om arbeidsliv og levemåte i Romsdalen.

Nyleg meldte Solli at stormen Amy har gjort skade på taket på løa. Dermed kan det bli aktuelt med fleire søknader framover.
– Vi får ta det som det kjem, smiler Solli, som til dagleg er direktør ved Romsdalsmuseet.

På Kulturfabrikkens Klubbscene 22. oktober ble Iren Reppens «Sexy nok» presentert som en selvhjelpskonsert. Det er en treffende, men ikke helt dekkende merkelapp: Forestillingen er også konsert, standup og personlig fortelling, sydd sammen av nye sanger og Reppens direkte kontakt med publikum. Den vil ikke love noen raske løsninger. Tvert imot får publikum beskjed om at dersom noen spør om de føler seg bedre etterpå, bør svaret være «overhodet ikke». Også setter Reppen tonen med en entusiastisk erklæring:– Æ hete Iren Kleppen og e popstjerne.

På Campus i Kristiansund snakket psykolog, forfatter og friluftsentusiast Johanne S. Refseth om frykt som både varsellampe og hindring. I foredraget «Tøffere enn du tror» var budskapet ikke at vi skal bli uredd, men at vi kan lære å forstå reaksjonene våre og ta små steg mot det vi ønsker å få til.

Bargee, eller Filip Bargee Ramberg som han egentlig heter, viser nye sider av seg selv på SYNDEBUKKEN (Utvidet). Med en blanding av hiphop, pop, funky rytmer og følsomme melodier tar han lytteren med inn i et personlig univers preget av kjærlighetssorg, oppvekst, dårlige valg og håpet om å finne veien videre.