Tonje Glimmerdal glitrar!

Teatret Vårt har funne ei form som let fart og fysisk, positivt teater bere eitt alvorlegare drama om familie, sakn og tilhøyrsle. På nypremieren av «Tonje Glimmerdal» får både små og store mykje å følgje med på, og gode grunnar til å le.

Roger Hagen

Av 

Roger Hagen

Publisert 

16.11.2026

Tonje Glimmerdal glitrar!

Ja, vi elskar Tonje Glimmerdal. Foto: Erik Birkeland, Tingh

Denne artikkelen er for våre abonnenter — og vi håper du vil være med.

Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.

Se abonnement

I Glimmerdalen er Tonje den einaste ungen. Ho kastar seg ned fjellsidene på ski, kjenner dalen som sin eigen og har eit nært venskap med Gunnvald, den eldre felespelaren som både lagar ski og kokar saft. Men når Gunnvald hamnar på sjukehus med broten fot, kjem ei familiehemmelegheit for dagen.

Ei jente som tek saka i eigne hender

«Tonje Glimmerdal» er eit godt utgangspunkt for ei familieframsyning, men historia nøyer seg ikkje med å la Tonje vinne fram gjennom pågangsmot åleine. Ho må òg forstå at vaksne ber på sår dei ikkje alltid har greidd å snakke om. Gunnvald og dottera Heidi har ei fortid prega av sakn, misforståingar og langvarig tausheit. Når Tonje prøver å få dei til å møtast att, blir kampen for å verne Glimmerdalen og ein kamp for forsoning.

Anne Wiig som Tonje. Foto: Erik Birkeland, Tingh
Dramatikk... Foto: Erik Birkeland, Tingh
...og glede. Foto: Erik Birkeland, Tingh

Eit ensemble med driv

Anne Wiig spelar Tonje med eit sjølvsagt nærvær og ein fin balanse mellom tøffskap, humor og omsorg. Tonje har likskapstrekk med Pippi Langstrømpe: Ho er uredd, tek initiativ og let seg ikkje stogge av at vaksne har bestemt korleis ting skal vere. Wiig får henne til å stå støtt som sin eigen karakter, ikkje berre som ei norsk utgåve av ein veldig kjend litterær helt.

Sara Fellman er eit høgdepunkt i fleire roller, og stikk seg særleg fram som den obsternasige guten Ole. Ho gir figuren eit tydeleg komisk uttrykk utan å gjere han til ein rein moroklump. Under utbrota og påfunna ligg ein gut som kjenner seg oversett av faren sin. Johanna Mørck og Kjersti Sandal utfyller kvartetten på scena. Sandal har i tillegg dramatisert og regissert framsyninga.

Ole og Tonje på scenen. Foto: Erik Birkeland, Tingh

Saman held skodespelarane eit høgt tempo utan å miste oversikta over historia. Den fysiske teaterstilen er ein viktig del av dette. Samspill, rørsle og raske skift driv handlinga framover og held merksemda i salen. Det verkar ikkje som aktivitet for aktivitetens skuld, men som ein naturleg del av ei forteljing der Tonje sjølv sjeldan står stille.

Humor med plass til alvoret

Dei komiske krumspringa fungerer godt også for vaksne. Ein tek seg i å humre av Tonje og gjengen, medan dei yngste får ei tydeleg og underhaldande historie med både spenning og dramatikk. Samstundes får framsyninga rom til det meir sårbare. Ole saknar ein far som tek kontakt, og Heidi har lengta heim til Glimmerdalen, sjølv om ho vaks opp borte frå faren.

Denne vekslinga gjer at familiepublikummet ikkje berre får fart og skøyarstrekar. Konflikten mellom Heidi og Gunnvald blir ikkje løyst med eit enkelt påfunn. Tonje må få dei vaksne til å sjå kvarandre og ta ansvar for det som har vore. Det gir avslutninga varme utan å gjere henne sentimental.

Foto: Erik Birkeland, Tingh

Musikken til Sindre Klykken, med Britt Elise Skram på fele, bind forteljinga saman og held Glimmerdalen nær den musikalske tradisjonen historia spring ut av.  Heile produksjonen har eit tydeleg familieperspektiv. Her finst nok av tempo og humor til å fenge barna, og nok av relasjonar og konfliktar til at dei vaksne ikkje berre blir med som følgje.

For familiane som treng eit godt avbrekk i førjulsinnspurten, er dette ei investering det er verd å gjere. Det er sunn og gjennomarbeidd underhaldning, med eit sterkt ensemble og ei historie som tek både barna og dei vaksne på alvor. Tonje leverer, igjen.

Heidi med fiolinen. Foto: Erik Birkeland, Tingh

Spelestader fram mot siste framsyning

Etter nypremieren i Molde skal framsyninga vidare til desse stadene:

  • 15. og 16. november: Parken kulturhus, Ålesund
  • 17. november: ID-huset, Brattvåg
  • 18. november: Rauma kulturhus, Åndalsnes
  • 25. november: Storfjord kulturhus, Stranda
  • 26. november: Fosnavåg konserthus, Fosnavåg
  • 27. november: Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik
  • 28. november: Fiskå ungdomshus, Vanylven – familiedag med smakebitar frå framsyninga
  • 30. november og 1. desember: Teatret Vårt, Molde
  • 12., 13., 16. og 17. desember: Teatret Vårt, Molde
  • 19. desember: Normoria, Kristiansund – siste framsyning på turneen.
Gladiator og Tonje. Foto: Erik Birkeland, Tingh

‍

Anbefalte artikler