43 millionar til arkeologi: Nye funn som flyttar kunnskapen om Noreg bakover i tid

Riksantikvaren delte i 2025 ut nær 43 millionar kroner i tilskot til arkeologiske kulturminne over heile landet. Midlane har gått til alt frå private byggeprosjekt og sikringsundersøkingar til formidling, bergkunst og dokumentasjon av funn som har vekt merksemd langt utover Noregs grenser. Samstundes teiknar funna eit samansett bilete av fortida – frå gravskikkar og handverk til fangst, ferdsel og relasjonar mellom menneske og dyr.

NTB

Av 

NTB

Publisert 

28.01.2026

43 millionar til arkeologi: Nye funn som flyttar kunnskapen om Noreg bakover i tid

Kvinne med kjæledyr i grava. Foto: Norges arktiske universitetsmuseum

Denne artikkelen er for våre abonnenter — og vi håper du vil være med.

Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.

Se abonnement

Riksantikvar Hanna Geiran peikar på breidda i både tiltaka og funna når ho oppsummerer arkeologiåret.

– Det er alltid kjekt å oppsummere året i arkeologien, seier Geiran.

Ho understrekar at arkeologiske kulturminne har ein verdi uavhengig av om dei er synlege i landskapet i dag.

– Arkeologiske kulturminne er utruleg viktige, uavhengig av om dei i dag er synlege eller ikkje på markoverflata. Mange av dei funna som vart gjort i 2025 er svært interessante og har bidratt til viktig ny kunnskap om landet si historie langt attende i tid, seier Hanna Geiran, riksantikvar.

Store variasjonar i tilskota

Tilskotsordningane Riksantikvaren forvaltar, spenner vidt. Midlane går mellom anna til finnarløn, sikringsundersøkingar, bergkunst, formidling og arkeologiske utgravingar knytt til både private og offentlege tiltak.

I 2025 vart det utbetalt 420 150 kroner i finnarløn, ei ordning som mellom anna gjeld funn av oldsaker i dyrka mark, ofte gjort ved bruk av metalldetektor.

Den største einskildposten er likevel til mindre private tiltak, der det vart delt ut over 15 millionar kroner. Dette kan til dømes gjelde bygging av bustadhus, garasjar, tilbygg eller fritidsbustader.

– Tilskot frå Riksantikvaren kan ein også få til å dekke utgifter ved arkeologiske utgravingar i samband ei rekke ulike tiltak i jordbruket, seier Geiran.

For mindre, private tiltak er hovudregelen at staten dekkjer alle kostnader knytt til det arkeologiske arbeidet.

Kvinna som fekk hunden med seg i grava

Eit av dei mest omtalte funna dei siste åra vart følgd opp i 2025. Allereie i 2023 fann to metalldetektoristar over 1000 år gamle skålpenner og beinfragment på eit jorde i bygda Sand på Senja, i Troms. Funnet vart meldt inn til Troms fylkeskommune, og Riksantikvaren løyvde midlar til vidare undersøking.

Den arkeologiske utgravinga vart gjennomført i 2025 av Norges arktiske universitetsmuseum, og avdekte ei uvanleg og godt bevart grav.

Grava viste seg å innehalde skjelettet av ei kvinne, gravlagd i ein om lag 5,5 meter lang båt. Med seg i grava hadde ho hunden sin, i tillegg til ei rekkje gjenstandar knytt til kvardagsliv og handverk: vevsverd, handtein, bryne og sigd. Kvinna bar også draktutsmykking i form av skiveforma perler av bein eller rav, og ein ring med to glassperler, truleg festa i håret eller hovudplagget.

Funnet kastar nytt lys over både sosial status, kjønnsroller og relasjonen mellom menneske og dyr i vikingtid.

Rekonstruksjon og digital formidling

Riksantikvaren gir ikkje berre midlar til utgravingar, men også til formidling og tilrettelegging. I 2025 starta Østfold fylkeskommune arbeidet med å rekonstruere ei hellekiste i Aremark, med tilskot frå Riksantikvaren.

Hellekister er gravkonstruksjonar bygde av steinheller, oftast daterte til bronsealderen. Dei er vanlege i Danmark og Sverige, men sjeldnare i Noreg, der dei fleste er funne nettopp i Østfold. Rekonstruksjonen i Aremark er planlagt som universelt tilgjengeleg, og skal gi publikum betre innsyn i ei gravform som elles er lite synleg i landskapet.

Lista i Agder ligg Lundesteinen, med helleristningar som vart rissa inn for om lag 3500 år sidan. I dag er mykje av bergkunsten slitt bort av vêr og vind. I 2025 fekk Agder fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Oslo tilskot til eit digitalt formidlingsprosjekt, som skal gjere det mogleg å sjå dei karakteristiske båtfigurane også i framtida.

Pil, boge og åre frå isen på Aurlandsfjellet

Eit anna funn som har vekt stor merksemd, starta med ein tur i fjellet. Hausten 2024 oppdaga turgåar Helge Titland fleire bearbeidde stokkar som hadde smelta fram frå ei isfonn på Aurlandsfjellet, i Vestland fylke. Ei av stokkane vart seinare datert til folkevandringstid, kring år 500 e.Kr.

Riksantikvaren gav tilskot til dokumentasjon, og hausten 2025 vart det gjennomført eit intensivt feltarbeid i samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Vestland fylkeskommune og Universitetetsmuseet i Bergen.

Utgravingane avdekte eit omfattande materiale: fleire hundre bearbeidde stokkar, store mengder gevir, to spydspissar, delar av tre boger, tre pilskaft og ei draktnål av bein.

Det mest overraskande funnet var ein bit av ei åre, rikt dekorert med sirleg ornamentikk. Dei eksepsjonelt gode bevaringsforholda gjer funna særleg eigna for vidare vitskaplege analysar, og materialet er venta å bidra med ny kunnskap om tidleg fangsthistorie og ferdsel i høgfjellet.

Funna fekk brei merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og vart kåra til årets funn under Norsk Arkeologmøte i Tromsø i 2025.

Kamskjell ved andletet i Ørland

På garden Val i Ørland, i Trøndelag, dukka eit anna uvanleg gravfunn opp under åkeren. Metalldetektoristen Roy Søreng fann gjenstandar som tydde på minst to bevarte graver.

Med tilskot frå Riksantikvaren gjennomførte NTNU Vitenskapsmuseet, i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune, ei utgraving. Resultatet var to godt bevarte graver: ein mann frå 700-talet, gravlagd med sverd, kniv og bryne, og ei kvinne frå 800-talet, utstyrt med draktsmykke og sigd.

Det som særleg har vekt fagleg undring, er at kvinna hadde to kamskjell, sirleg plassert på kvar si side av ansiktet.

Gravene vil vere ei viktig kjelde for vidare forsking på jernalderens liv, helse og slektskap, mellom anna gjennom osteologiske analysar og DNA-studiar. Samstundes gir både gravgodset og kamskjella nye perspektiv på gravskikkar langs ytterkysten av Trøndelag.

Tilskotsordning Tilskot
Utbetaling av tilskot fordi det ligg føre særlege grunnar kr 7 962 144
Utbetaling av tilskot knytt til mindre private tiltak kr 15 129 196
Utbetaling av tilskot til Skjøtsel og tilrettelegging (tidlegare BARK) kr 1 854 721
Utbetaling av tilskot til Bergkunst (tidlegare BERG) kr 5 345 967
Utbetaling av finnarløn kr 420 150
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved sjøfartsmusea kr 7 195 000
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved landsdelsmusea kr 661 478
Utbetaling av tilskot til sikring av arkeologiske kulturminne kr 4 429 295
SUM kr 42 997 951

Anbefalte artikler