Mel på fingran – historien om bakerne i Kristiansund

Lukta av nystekt brød har alltid hatt ein eigen plass i byrommet i Kristiansund. Ho har lege som eit bakteppe for handel, arbeid og kvardagsliv – frå dei første små bakeromnane på 1800-talet til dagens meir industrialiserte produksjon. I foredraget «Mel på fingran» løftar Andreas Sandvik fram ei næring som ikkje berre handla om bakerane, men om samfunnsstruktur, teknologi og familiedynasti.

Erik Aukan

Av 

Erik Aukan

Publisert 

02.04.2026

Mel på fingran – historien om bakerne i Kristiansund

Andreas Sandvik. Foto: Erik Aukan / Applausen

Denne artikkelen er for våre abonnenter — og vi håper du vil være med.

Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.

Se abonnement

Lukta av nystekt brød har alltid hatt ein eigen plass i byrommet i Kristiansund. Ho har lege som eit bakteppe for handel, arbeid og kvardagsliv – frå dei første små bakeromnane på 1800-talet til dagens meir industrialiserte produksjon. I foredraget «Mel på fingran» løftar Andreas Sandvik fram ei næring som ikkje berre handla om bakarane, men om samfunnsstruktur, teknologi og familiedynasti.

Sandvik, som sjølv er fødd i byen i 1951 og har bakgrunn som lærar og bedriftsøkonom, har brukt pensjoniståra til å dokumentere lokal næringshistorie. I boka om bakerne i Kristiansund og Nordmøre (1688–2025) og i foredraget ved biblioteket, går han tett på menneska bak produksjonen.

– «Det daglege brød må vi alle ha», seier Sandvik i innleiinga, og peikar på kor grunnleggjande bakerfaget har vore i bysamfunnet.

Dei første bakerane

Dei tidlegaste spora etter bakerverksemd i Kristiansund viser eit breitt og til dels uformelt næringsliv. Kvinner spelar ei tydeleg rolle. Dorotea Lundqvist, Maren Barbra Skjerme og Caroline Elisabeth Olsdatter er blant dei som blir nemnde.

Sandvik viser til korleis desse aktørane opererte i eit landskap der handel, servering og produksjon glir over i kvarandre.

– «Ho Caroline Elisabeth, ho gjekk med varer rundt omkring», forklarer han, og teiknar eit bilete av ei tid der salget av brødvarar var personleg og direkte.

Allereie i 1840 finn ein annonser i Romsdals Amtstidende som viser eit avansert vareutval.

– «Undertegnede anbefaler sitt assortement … etter beste pariser og hamburger resepter», les Sandvik frå ei annonse, og dokumenterer ein tidleg internasjonal påverknad i bakarhandverket.

Familiane som bygde bransjen

Gjennom slutten av 1800-talet og inn i 1900-talet veks det fram sterke familiebaserte bakeri.

Historia om Jon Justinus Nederen og svigersonen Reinert Nederen viser overgangen frå sjøfart til handverk.

– «Hvordan en skipper blir baker? Nei, det ble han ikke», seier Sandvik, før han peikar på handverkslova av 1866 som gjorde det mogleg å etablere seg utan formell utdanning.

Reinert utvikla mekaniske løysingar i bakeriet, og verksemda voks til eit omfattande kollektiv.

– «På det meste bodde det 35 personer der», fortel Sandvik. «Lærlingene bar sekker på 100 kilo og sov på melsekker.»

Simonsen og Jordfall

Simonsen-familien representerer kontinuitet. Den første, fødd i Vågå i 1861, etablerte seg i Kristiansund i 1896.

– «Han startet sin klassereise ved at han utdannet seg til baker», seier Sandvik.

Familien spreidde seg over fleire bydelar og generasjonar, og illustrerer korleis bakerfaget vart eit livsløp.

Nordhus-bakeriet viser både vekst og konflikt. Etter grunnleggjaren døydde i 1917, oppstod ein streik der fleire arbeidarar blei stempla som streikebrytarar.

– «De måtte avgi skriftlig løfte om aldri mer å være streikebrytere», fortel Sandvik.

Hos Jordfall-familien finn ein eit anna trekk: fagleg ambisjon.

– «Han ble æresmedlem i Bakermesternes Landsforbund», seier Sandvik om Bernhard Jordfall.

Andreas Sandvik foreleser om bakerhistorie. Foto: Erik Aukan / Applausen

Krig, knappheit og gjenoppbygging

Bombinga av Kristiansund i 1940 sette bakerinæringa under press.

– «Ruinene ble brukt som tysk feltbakeri», fortel Sandvik.

Rasjonering gjorde produksjonen vanskeleg, særleg mangel på gjær.

– «Han laga så sure brød at det var ingen som ville ha dem», seier Sandvik om ein uerfaren baker i krigsåra.

Etter krigen følgde gjenoppbygging, men også strukturelle endringar.

Industrialisering og nedgang

Etterkrigstida markerer starten på ei gradvis svekking av dei lokale bakeria.

Historia om Leif Sevaldsen illustrerer presset frå kjedene.

– «Han bakte en "protestloff’ som protest», fortel Sandvik om konflikten med daglegvarekjeder.

Oppkjøp og nedleggingar skjer raskt. Leif Sevaldsen overlevde noen år til, men så var det slutt. Kampen mot kjedene ble for sterk.

– «Fra en dag til en annen var det slutt», seier han videre om det som skjedde med Tor Sevaldsen Bakeri som vart lagt ned etter store investeringar.
Etter plutselige endringer hvor dei mista ein viktig kontrakt med Rema vart det slutt. Det nye store bakeriet med store investeringar måtte legges ned.

Sandvik er tydeleg i si vurdering av utviklinga.

– «Hvis vi ikke bruker de lokale bakerne, blir det brød som er halvstekt fra utlandet», seier han.

Handverket som kulturarv

Gjennom foredraget kjem det fram at bakerfaget i Kristiansund ikkje berre er ei næring, men ein del av byens identitet. Det handlar om arbeidsliv, migrasjon, teknologi og familieband.

Sandvik peikar også på det omfattande kjeldearbeidet bak boka.

– «Gamle kirkebøker med gotisk skrift og intervjuer med tidsvitner er viktige kilder», forklarer han.

Samtidig erkjenner han grensene for prosjektet.

– «Dette prosjektet blir for stort. Så gammel blir jeg ikke», seier han om planane om å kartleggje alle næringar i byen.

Eit fag i endring

Historia om bakerne i Kristiansund viser eit handverk som har gått frå små, familieeigde verksemder til ein del av ein større industriell struktur. Samstundes finst det framleis spor av det gamle – i namna, bygga og forteljingane.

Det er i desse detaljane Sandvik finn stoffet sitt: i lærlingane som sov på melsekker, i drops som vart kasta over veggen til ungar, og i brød som ikkje vart gode nok.

Ein by kan lesast gjennom sine bakeri. Kristiansund er absolutt ikkje noko unntak.

Anbefalte artikler