Årets bok frå Nordmørsmusea markerer eit tydeleg brot

Årets bok frå Nordmørsmusea, Folk i bevegelse, markerer eit tydeleg brot med museet sine tidlegare årbøker. Der tidlegare utgjevingar har vore bygde opp rundt artiklar og tematiske nedslag, er årets bok utforma som ein katalog til hovudutstillinga i Normoria.

Erik Aukan

Av 

Erik Aukan

Publisert 

15.01.2026

Årets bok frå Nordmørsmusea markerer eit tydeleg brot

Museumsdirektør Eigunn Stav Sætre med den nye boka fra Nordmørsmusea "Folk i bevegelse". Foto: Erik Aukan / Applausen

Denne artikkelen er for våre abonnenter — og vi håper du vil være med.

Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.

Se abonnement

I arbeidet med boka har museet valt å forlenge utstillinga inn i bokformatet, både i djupnad og samanheng. Eigunn Stav Sætre, direktør ved Nordmørsmusea, skildrar prosjektet som ein konsekvens av eit langvarig og omfattande arbeid med sjølve utstillinga.

Ei forlenging av utstillinga

Utgangspunktet for årets bok er hovudutstillinga i Normoria, som har vore under utvikling i over fem år.
– «Hovudideen bak denne katalogen er at det er ein utstillingskatalog. Det vil seie at han er ei forlenging av teksten som finst i utstillinga vår», seier Eigunn Stav Sætre.

Ho forklarer at boka både gjengir og utdjupar tematikken i utstillinga. Samanhengane mellom rørsle og brot, mellom havet som kopling, og mellom ulike historiske erfaringar, er skrivne fram på ein annan måte enn det som er mogleg å gjere i sjølve utstillingsrommet.
– «Her har vi gått i djupna og vil vise korleis utstillinga og innhaldet i henne heng saman. Vi har teke med det som står i utstillinga i tekst, og samstundes utvida og fordjupa oss i temaa som blir viste der.»

Kvifor katalog – og kvifor no

At Nordmørsmusea i år har valt katalogforma, heng tett saman med tidspunktet.
– «Det er jo fordi det ikkje er kvart år vi opnar ei ny hovudutstilling», seier Sætre.

Katalogar er eit velkjent format i kunstmuseum, men mindre brukt i kulturhistoriske museum. Samstundes meiner ho at nettopp moderne kuratering gjer katalogen nødvendig.
– «Med ei moderne kuratering får du ikkje med all tekst, og ikkje alle nyansar. Vi hadde lyst til å gi endå meir av det arbeidet vi faktisk har gjort.»

Bak utstillinga og boka ligg store mengder materiale, både fagleg og praktisk.
– «Vi har jobba med denne utstillinga i over fem år, og vi brukte seks månader berre på å montere og installere henne. Det ligg enormt mykje materiale i bakgrunnen, og dette er noko av det.»

Direktør ved Nordmørsmuseea, Eigunn Stav Sætre. Foto: Erik Aukan / Applausen

Kva handlar Folk i bevegelse om

Tittelen er konkret, men rommar mykje.
– «Det handlar om folk i rørsle», seier Sætre, og utdjupar raskt:
– «Det handlar om Nordmøre, om kulturarven her, og heilt frå då vi kom hit for over ti tusen år sidan. Det handlar om det menneskeskapte, om forholdet mellom oss.»

Ho understrekar at boka medvite har valt bort den tradisjonelle historia om sigerherrar og maktpersonar.
– «Ho handlar ikkje så mykje om sigerherrar, kongar og herrar, men om folk. Vanlege folk. Både rike og fattige, i alle delar av samfunnet.»

Rørsla i tittelen handlar både om fysiske endringar, som landskap, region og næring – og om mentale og kjenslemessige endringar.
– «Korleis vi har utvikla oss og rørt oss, både fysisk og mentalt, og kven vi kanskje er i dag.»

Kulturhistorie og mentalhistorie

Eit sentralt grep i boka er kulturhistorie og mentalhistorie – korleis menneske har tenkt, opplevd og forstått si eiga situasjon.

– Eit trekk i moderne kultur- og mentalhistorie er tendensen samfunnet har til å redusere menneske til kategoriar, og dermed gjere identitet eintydig der røyndomen var samansett. Med utgangspunkt i Michel Foucault sine analysar av makt og identitet kan ein sjå korleis praksisar, levemåtar og livsformer i det moderne samfunnet over tid har blitt gjorde til faste kjenneteikn ved individet. Det som tidlegare var definert som livsførsel, relasjonar og handlingar, vart gjort til noko ein var som person. Romanifolk / tatarar var ei mangfaldig gruppe menneske som over lang tid vart forstått som éin kategori, løyst frå individuelle erfaringar og konkrete livsløp.

Med dette som bakteppe:
– Korleis har perspektivet med kategorisering av individ og folkegruppe prega museet sine formidlingsgrep i boka, og kor medvitne har de vore på å bryte ned slike kategoriar i møte med publikum?

Sætre tek direkte tak i utfordringane med kategorisering, og knyter dei kultur- og mentalhistoriske utviklingstrekka konkret til museet sitt arbeid, særleg gjennom teksten om Svanviken og romanifolket.
– «Du kan gjere det med kjønn, religion, sosial bakgrunn – med alt mogleg. Og i katalogen har vi jobba mykje med dette. Kanskje mest i Svanviken-artikkelen.»

Ho resonerer rundt korleis eit heilt folk vart kategorisert, og kva følgjer det fekk:
– «Der har vi kategorisert eit heilt folk, eit folk som har vore i Noreg i over 500 år. Det handlar om førehandsoppfatningar og frykt. Vi og dei.»

Frå «dei» til «vi»

Ho skildrar korleis dette arbeidet faktisk verkar i møte med publikum, særleg ungdom:
– «Vi har hatt mykje formidling til åttandetrinn rundt om i regionen. Dei kjem til oss etterpå og seier: ‘Det er jo oss. Det er jo her. Det er jo ikkje før i tida. Det er jo ein del av oss, og det er jo norsk.»

– Slik kjem vi rett inn i diskusjonen om kva det vil seie å vere norsk. Kva vil det seie å vere nordmørsk? Det er veldig interessant, for då byrjar vi å bryte ned at vi er eitt folk, og at vi er folk i rørsle. Eg tenkjer utstillinga fortel at det å vere nordmørsk, er folket som bur her, med det store mangfaldet og bakgrunnane vi har.

Historieformidling kan bryte ned kategoriar – men berre dersom ein sluttar å snakke om «dei».
– «Det vi prøver å gjere med katalogen, er å skape eit ‘vi’, og slutte å snakke om ‘dei’.»

Ho stiller sjølv spørsmåla som ligg implisitt i resonnementet:
– «Kor mange generasjonar må du ha budd her for å vere nordmøring?»

Og konkluderer med det berande poenget:
– «Vi prøver å vise at det nordmørske først og fremst er eit folk. Og utan folket hadde vi ikkje hatt kulturarven. Men kulturarven er i kontinuerleg rørsle.»

Å forstå fortida på hennar eigne premissar

Boka legg stor vekt på historisk forståing framfor moralsk dom etter notidas standardar.
– «Vi må prøve å tolke fortida slik verda såg ut då, ikkje slik vi ser henne no», seier Sætre.

Dette gjeld særleg spørsmål om kjønn, klasse og menneskeverd.
– «På 1700- og 1800-talet hadde folk andre verdiar, eit anna menneskesyn. Det var ikkje berre kjønn som avgjorde verdi, men også klasse, alder og tilhøyrsle.»

Ho understrekar at museet ikkje berre er oppteke av gjenstandar og arkiv.
– «Vi vil fortelje om folka som stod i dette, og korleis det må ha vore for einskildmenneske og for heile miljø på Nordmøre.»

Eit breitt publikum

– Kven passar Folk i bevegelse for?
– «Denne boka passar for alle som kan lese», seier Sætre, men presiserer at ho særleg vender seg til lesarar frå tenåra og oppover.
– «Ho er både for historieinteresserte og for dei som ikkje har så mykje kjennskap til temaa frå før. Ein enkel inngang til det nordmørske.»

Utvalet av tema er gjort med vilje.
– «Vi fortel ikkje om absolutt alt som har skjedd på ti tusen år. Vi har valt ut ting som vi meiner var viktige, det som førte til endring, eller det som gjorde at livet vart betre eller verre for folk.»

Ei ny retning – men ikkje eit brot med tidlegare utgjevingar

Vinklinga i årets bok peikar framover, men utan å avvise tidlegare format.
– «Vi er allereie i gang med neste års bok, som skal handle om mat og matkultur», seier Sætre.

Det inneber ei tilbakevending til årbokformatet, men med erfaringane frå årets arbeid i bagasjen.
– «Vi kjem til å halde fram med den nye visuelle framstillinga, og vi kjem til å vere tydelegare på tematiske val.»

Samstundes opnar katalogen for ein ny praksis ved større utstillingar.
– «Viss vi igjen set opp ei stor utstilling, tenkjer eg det kan vere aktuelt å lage katalogar som følgjer utstillinga. Det er ein god måte å formidle kunnskapen og litt meir av verdiane i utstillinga. Norsmørsmusea skal fortsette å halde fram med utforminga slik som med dei to siste årbokvariantane».

Boka er meint å fungere både før og etter eit besøk i Normoria.
– «Viss ein har sett utstillinga og vil fordjupe seg, er katalogen staden å gjere det», seier Sætre.
– «Og viss ein les katalogen først og blir nysgjerrig, er det ein fin inngang til utstillinga. Dei snakkar veldig godt saman.»

Anbefalte artikler