Konserten på Kulturfabrikken 17.04.2026 med Byting frå Bø i Telemark tek utgangspunkt i det ferske albumet Flammebjørka, eit ambisiøst konseptarbeid der songane er knytte saman i ei større forteljing. Materialet er forankra i Telemark på 1800-talet, med ei dramatisk kjerneforteljing om sjalusi, drap og flukt. På scena blir dette universet presentert gjennom eit utval låtar som både står på eigne bein og inngår i heilskapen.

Frontfigur i Byting, Thomas Hellekås. Foto: Erik Aukan / Applausen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementKonserten på Kulturfabrikken 17.04.2026 med Byting frå Bø i Telemark tek utgangspunkt i musikk hvor mykje er henta frå det ferske albumet Flammebjørka, eit ambisiøst konseptarbeid der songane er knytte saman i ei større forteljing. Materialet er forankra i Telemark på 1800-talet, med ei dramatisk kjerneforteljing om sjalusi, drap og flukt. På scena blir dette universet presentert gjennom eit utval låtar som både står på eigne bein og inngår i heilskapen.
Publikumet som kom denne kvelden bekreftar bandets posisjon. Det er eit breitt aldersspenn frå tidleg 20-åra og oppover, med både familiar, venegjengar og publikummarar i cowboyhatt. Det peikar mot eit uttrykk som er tilgjengeleg, men samstundes er det tematisk tyngre enn mykje annan norskspråkleg countryrock.

Kjernen i konserten ligg i forteljingane. Flammebjørka fungerer som eit samlande motiv, både konkret og symbolsk. Frontfigur Thomas Hellekås forklarer bakgrunnen slik:
– Flammebjørka er eit prosjekt eg har tenkt på i fleire år. Eg har lenge hatt lyst til å laga eit konseptalbum der kvar vise er ei brikke i ei større forteljing.
Han utdjupar den narrative ramma:
– Historia er lagd til Telemark på 1800-talet. Ei jente, Maria, blir drepen ved ei flammebjørk. Rundt denne hendinga har eg bygd fleire historier om menneska og naturen.
Denne tematiske ambisjonen kjem tydeleg fram i låtar som «Flammebjørka», som handlar om tru på seg sjølv, og «Mann av glas», som tek opp samlivsbrot og kampen om foreldrerett. Sistnemnde markerer eit skifte frå det historiske til det samtidige og personlege.
Andre låtar som blei spilt – «Nattergal», «Huldersølv», «Spån», «Norske rednecks» og «Død og pine» – byggjer vidare på eit landskap der mytologi, kvardagsliv og mørkare erfaringar glir over i kvarandre. Det er gjev eit spannande utgångspunkt til ei historieforteling.
Om «Nattergal» blir historia presentert konkret: ein mann møter ei jente som seinare viser seg å vere borte frå verda. Slike forteljingar gir materialet ein tydeleg folkemusikalsk tradisjon, samstundes som dei er forma i eit moderne uttrykk.

Konsertforma er prega av vekslinga mellom låtar og munnlege introduksjonar. Desse fungerer som bindeledd i det narrative universet, men varierer i presisjon. Undervegs kjem det fram refleksjonar kring både inspirasjon og tematikk:
– Eg samanlikna meg sjølv med denne flammebjørka då eg var litt nede. Om ho kunne tenkt, ville ho sett mørke i livet sitt.
Slike utsegner gir innsikt i låtskrivingsprosessen, men kan bli stundom noko omstendeleg i framføringa for enklelte publikumarar. Tross det omstendelege, som absolutt ikkje gav et negativt inntrykk, var det støtt fascinerande å høyra om korleis flammebjørka fekk navnet sitt og måten man bearbeida den på.
Bandet leverer godt musikalsk innanfor ramma av det dei er kjende for: ein energisk countryrock med tydeleg dialektbruk. Det er eit driv i framføringa, og fleire av låtane har ein openbar allsangfaktor. Samstundes kan det oppstå brot mellom dei narrative ambisjonane og det meir publikumsvenlege uttrykket.
Hardingfela var noko vrang i oppførselen denne kvelden, men dei tok utfordringa på strak arm og spelde andre akustiske låtar immelomtida mens fela kom seg på betre tankar.
Ein annan introduksjon peikar mot sosial tematikk:
– Mange kjenner nokon som har mista livet i ei bilulykke. Å snakke om det kan hindre at det skjer.
Med slike ord blir konserten også ein arena for refleksjon, men utan at dette nødvendigvis blir integrert i heilskapen.

Konserten framstår som todelt. På den eine sida er det eit tydeleg konseptuelt prosjekt, der songane inngår i ein større struktur. På den andre sida fungerer konserten som ein tradisjonell liveopptreden med enkeltlåtar som skal treffe breitt.Publikum responderer på det siste: det fengjande, det gjenkjennelege og det direkte. Låtar som «Norske rednecks» og delar av Flammebjørka-materialet skaper stemning, medan dei meir forteljingsdrivne partia krev større konsentrasjon.
Til trass for eit meir krevjande konsept med historieforteljing, og nesten til trass for at publikum er sett kvar for seg rundt firemannsbord som inviterer til samtale innimellom, fungerte òg historieforteljinga hjå publikum. Det er også eit spenn mellom det historiske stoffet og dei meir personlege låtane. Når Hellekås introduserer ein av dei mest personlege songane, blir det formulert slik:
– Det handlar om retten til kontakt med sitt eige barn og kampen for det naturlege livet.
Ei slik historie gjev tyngd og kredibilitet, men bryt samtidig med det overordna historiske universet.
Frå dei Applausen snakka med frå publikum tykte dei å vere samde om at dette var gode saker. Dei var alt frå countryentusiastar til meir rockerelaterte fans. Det legg i kvart fall til rette for at neste gong dei vitjar Kristiansund og Kulturfabrikken, ser det ut til at det blir fullt hus då også.

Byting sitt prosjekt med Flammebjørka er ambisiøst og i norsk samanheng relativt sjeldan: eit gjennomført konseptalbum med lokalhistorisk forankring. På scena kjem dette delvis til sin rett, men strukturen blir ikkje alltid halde oppe gjennom heile konserten. Det var litt teknisk knoting med hardingfela undervegs, då ho ikkje ville spela heilt på lag. Dette blir i mellombels meir ei teknisk sak som dei rutinert tok på strak arm.
Bandet hadde god kontakt med publikum. Gjennom heile konserten var det god stemning og god tone. Det var tydeleg at dei hadde funne sitt publikum, og ikkje minst at Byting innfridde publikums forventningar. Mengda cowboyhattar frå enkelte entusiastar, smil og god stemning heilt ut understrekar eit godt publikumstekke.
Etter konserten stilte bandet velvillig opp til både bilettaking og sal av merch. Publikum fekk god moglegheit til både å snakke og ta selfies med bandet. Styrken ligg i låtskrivingsmaterialet og i bandet si evne til å engasjere eit breitt publikum.
Svakheita ligg i overgangen mellom forteljing og konsertformat; dei to nivåa glir ikkje alltid saumlaust saman.
Konserten viser eit band som vil meir enn å levere enkeltståande låtar, men som enno ikkje fullt ut løyser spenninga mellom konsept og framføring. Med dei gode relasjonane bandet greier å knyte til seg publikum, samt evna til å fengje folk og fortelje historier som tek merksemda til publikum, er det all grunn til å tru at også konseptet etter kvart vil bli bra.
Ei samla vurdering er at dette var ein konsert som ein gjerne vil høyra igjen. Bandet har godt publikumstekke og ein god kontakt med publikum. Dei er også aktive på sosiale medier og gir fanbasen sin mykje tilbake. Konseptet er spanande og som sagt sjelden i norsk samanheng, difor blir det spanande å følgje Byting si videre ferd. Det er all grunn til å møte opp på neste Byting konsert.

Byting er eit band frå Telemark som spelar norskspråkleg countryrock med tydeleg lokal forankring.
Bandet har også fått merksemd for energiske opptredener på festivalar som Blueshelga i Odda, der dei har kombinert det folkelege med eit meir gjennomarbeidd tekstleg uttrykk.
Spelte låtar under konserten:
Flyg mot ein vind
Siste sjans
Lakadølen
Syng ein song
Flammebjørka
Nattergal
Maria
Spån
Ensom mann
Anne Marie
Einaste færr meg
Mann av glas
Lysglimt
Huldersølv
Død og pine
Konserten på Kulturfabrikken 17.04.2026 med Byting frå Bø i Telemark tek utgangspunkt i musikk hvor mykje er henta frå det ferske albumet Flammebjørka, eit ambisiøst konseptarbeid der songane er knytte saman i ei større forteljing. Materialet er forankra i Telemark på 1800-talet, med ei dramatisk kjerneforteljing om sjalusi, drap og flukt. På scena blir dette universet presentert gjennom eit utval låtar som både står på eigne bein og inngår i heilskapen.

Under feiringen av Anetts Danceterias 40-årsjubileum i Festiviteten forteller ordfører Kjell Neergaard om det politiske vedtaket som gir kulturen en mer synlig plass i kommunens arbeid. Før hvert bystyremøte skal det nå presenteres et kulturelt innslag. For Neergaard handler det om mer enn underholdning. Han mener kultur er avgjørende for fellesskap, identitet og samfunnets beredskap. Neergaard avslører også et ukjent talent for dans.

De varmet opp for Pil og Bue på Kulturfabrikken, lørdag 06. juni. Dette er rå ur metal med influenser godt inne i det skjedde i Storbritania på slutten av 1970 og begynnelsen av 1980 tallet. New Wave of British Heavy Metal, ga oss direkte Iron Maiden, Def Leppard, Raven, Venom, Diamond Head og videre som en videreføring. Band som Metallica, Megadeth og mye av det vi i dag tar for gitt. Eyes of Disaster tar opp arven, og er langt fra noen Disaster

Henrik A. Stordalen i Strawberry-konsernet, delte i sitt foredrag på Nordmørskonferansen i Kristiansund sine ambisiøse planer for et nytt hotellprosjekt. Stordalen er Business Development Manager og involvert i eiendomsforvaltningen og leieavtalene i konsernet. Han understreket viktigheten av å videreføre arven fra sin far, Petter Stordalen, gjennom et friskt perspektiv.