Teateret Vårt hadde forestillinga Draum om hausten av Jon Fosse i Bræinsalen i Normoria. Resultatet er ein gjennomarbeidd og tydeleg regisert produksjon som samtidig synleggjer kva som står på spel når Fosses tekst blir tolka med høgt tempo og tydelege uttrykk.
.jpg)
Frå stykket Draum om hausten. Foto: Erik Birkeland, Tingh
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementTeateret Vårt hadde forestillinga Draum om hausten av Jon Fosse i Bræinsalen i Normoria. Resultatet er ein gjennomarbeidd og tydeleg regisert produksjon som samtidig synleggjer kva som står på spel når Fosses tekst blir tolka med høgt tempo og tydelege uttrykk.
Dette er eit stykke som i utgangspunktet er bygd på det minimale. På pausar, repetisjonar og forskyvingar i relasjonar. Når desse elementa blir pressa saman, skjer det noko med korleis stykket verkar.
Draum om hausten er i si ytre form ei enkel forteljing. Ein mann og ei kvinne møtest på ein kyrkjegard. Dei har ein relasjon frå før, og gjennom nye møte utviklar det seg eit forhold som får konsekvensar for fleire liv.
– Ein mann bryt med kone og barn, og val han ikkje fullt ut forstår rekkjevidda av, fører til emosjonell ruin
Fosses prosjekt er ikkje å skildre handling, men relasjonar. Det er i møta mellom menneske, i det som blir sagt og det som forblir usagt, at dramatikken oppstår. Dialogen er kvardagsleg, nesten banal, men ber i seg eit trykk av noko uuttalt.
I denne oppsetjinga blir dette trykket delvis forløyst, men også delvis forflata gjennom tidskompresjon, eit litterært grep som fungerer vel her.
.jpg)
Regissør Tatu Hämäläinen har valt ei linje der rytme og framdrift er sentrale verkemiddel. Replikkane kjem tett, scenene glir raskt over i kvarandre, og det oppstår ein nesten sitrande energi i spelet. Tempoet driv stykket framover, men reduserer rommet for det som ligg under
Dette grepet gjer forestillinga tilgjengeleg og til tider underhaldande. Publikum ler, og humoren, som ligg latent i teksten, blir løfta fram. Samstundes oppstår det ei forskyving: det tragiske kjem på avstand.
Fosses dramatikk er avhengig av motstand. Når alt flyt, blir mindre ståande att.
Scenograf og lysdesigner Jakob Oredsson etablerer eit reint og stilisert rom som peikar mot kyrkjegarden utan å gjenskape han konkret. Det blir meir abstrakt, men vi veit kor dei er og kva dei gjer der. Det visuelle uttrykket er kontrollert og konsekvent.
Scenerommet fungerer som eit tredimensjonal biletramme, meir enn ein stad
Kostymedesignar Vilde Pettersen legg seg i same sporet, med ein dempa palett som held karakterane innanfor eit felles uttrykk. Komponist Tatu Rönkkö tilfører eit lydspor som understøttar stemninga utan å dominere. Det mest slåande med kostymane er dei utrrykslause maskane som etterkvart kommer inn i stykket. Det gav ein effekt som var ein av dei tingene folk hugsa best etter stykket, saman med gjentagelsane.
Det er lite i det sceniske som bryt med heilskapen. Samstundes blir det visuelle i liten grad brukt til å opne nye rom i teksten.
.jpg)
Skodespelarane – Conrad James McLean, Anette Sissener Amundsen, Johanna Mørck, Kjersti Sandal og Herman Bernhoft – arbeider innanfor ei tydeleg regiramme. Spelet er presist og koordinert, med klare relasjonelle linjer.
– Ingen av karakterane er direkte vonde, men handlingane deira fører likevel til skade
Dette er kjernen i Fosses univers. Menneske som handlar utan å forstå konsekvensane, og som ikkje klarer å setje ord på det som står på spel. I denne oppsetjinga blir desse relasjonane tydelege, men også meir eksplisitte.
Det som i teksten ligg som undertekst, blir i større grad spela ut her.
Humoren er eit gjennomgåande trekk i forestillinga. Han fungerer, og han utløyser respons i salen. Men han har også ein effekt på korleis stykket blir erfart.
Latteren skaper her ei distanse til det som kunne ha vore rystande, det som kunne ha vore ei dypare mening. Draum om hausten handlar i stor grad om gjenkjenning. Om kor tett stykket ligg opp til levde liv. Når dette blir filtrert gjennom humor og tempo, blir gjenkjenninga mindre ubehageleg.
Det gjer forestillinga meir tilgjengeleg, men også mindre insisterande.
At framsyninga skjer i Bræinsalen, som er eit rom som inviterer til stillheit og presisjon med den gode akustikken sin, forsterkar denne opplevinga. Rommet toler pausane. Det toler stillheita. Det forsterkar dei. Her blir dette potensialet berre delvis utnytta. Stillheita, som kunne ha fylt rommet, blir korta noko ned.
Dette er ikkje eit spørsmål om rett eller feil, men om konsekvens. Når ein vel bort det langsame, vel ein også bort ein del av det Fosses tekst opnar for.
.jpg)
Draum om hausten blir ofte omtalt som eit «måleri over livet». Eit verk der kvardagslege situasjonar får ein eksistensiell dimensjon. Denne oppsetjinga viser at teksten toler tydelege grep og eit meir ekspressivt uttrykk. Stykket fungerer, men det treng ikkje på same måte gjennom.
Det står att som ei gjennomført og medviten tolking. Men også som ei påminning om kva som skjer når stillheita, kanskje Fosses viktigaste verkemiddel, blir redusert.
Samanlikna med tidlegare oppsetjingar av Draum om hausten, frå urpremieren ved Nationaltheatret til seinare tolkingar av regissørar som Patrice Chéreau og norske sceneversjonar med tydeleg vekt på stillheit og rytme, markerer denne produksjonen eit skifte i uttrykk. Der mange har halde att, strekt pausane og late teksten puste, vel denne oppsetjinga å drive fram handlinga med høgare tempo og løfte fram det spelte framfor det usagde.
I tidlegare versjonar ligg dramatikken i det som ikkje blir sagt, medan han her i større grad blir formulert og vist, både visuelt og gjennom dialog.
Særleg i dei meir tekstnære tolkingane har Fosses karakteristiske repetisjonar og brot i dialogen fått stå uforstyrra, noko som gir rom for ei gradvis oppbygging av uro. I denne versjonen blir desse strukturane korta ned eller spela raskare gjennom. Resultatet er ikkje eit brot med tradisjonen, men ei forskyving: frå det kontemplative til det meir direkte erfarte.
.jpg)
Eg synes ei samanlikning er på sin plass med eit av de mest kjende dikta om ein kyrkjegard. Samanstillinga av Draum om hausten og Elegy Written in a Country Churchyard av Thomas Gray er nærliggjande, ikkje berre på grunn av den konkrete ramma, kyrkjegarden, men i måten begge verka undersøker menneskelivet gjennom døden som konstant bakgrunn. Hos Gray blir kyrkjegarden eit demokratisk og kontemplativt rom der alle liv endar likt, og der det usynlege, levde livet får ei form for stille verdigheit. Hos Jon Fosse er kyrkjegarden mindre forsonande: han er ein stad der relasjonar blir avdekte, ikkje avrunda.
Der Gray løftar fram det ulevde livet som ei stille erkjenning, let Fosse det levde livet framstå som uforløyst og prega av val ein ikkje forstår rekkjevidda av. Begge verka arbeider med det usagde, men med ulik effekt. Gray skriv fram ei ettertankens ro, medan Fosse etablerer ei uro som ikkje finn kvile. Kyrkjegarden hos Gray samlar, hos Fosse splittar.
Tittel: Draum om hausten
Dramatikar: Jon Fosse
Teater: Teateret Vårt
Spelestad: Bræinsalen, Normoria
Regissør: Tatu Hämäläinen
Scenograf og lysdesigner: Jakob Oredsson
Kostymedesignar: Vilde Pettersen
Komponist: Tatu Rönkkö
Skodespelarar:
Urpremiere: 1999, Nationaltheatret
Sjanger: Kjærleiksdrama / familiedrama
Tema: Kjærleik, svik, familieband, død, val og konsekvensar

Under feiringen av Anetts Danceterias 40-årsjubileum i Festiviteten forteller ordfører Kjell Neergaard om det politiske vedtaket som gir kulturen en mer synlig plass i kommunens arbeid. Før hvert bystyremøte skal det nå presenteres et kulturelt innslag. For Neergaard handler det om mer enn underholdning. Han mener kultur er avgjørende for fellesskap, identitet og samfunnets beredskap. Neergaard avslører også et ukjent talent for dans.

De varmet opp for Pil og Bue på Kulturfabrikken, lørdag 06. juni. Dette er rå ur metal med influenser godt inne i det skjedde i Storbritania på slutten av 1970 og begynnelsen av 1980 tallet. New Wave of British Heavy Metal, ga oss direkte Iron Maiden, Def Leppard, Raven, Venom, Diamond Head og videre som en videreføring. Band som Metallica, Megadeth og mye av det vi i dag tar for gitt. Eyes of Disaster tar opp arven, og er langt fra noen Disaster

Henrik A. Stordalen i Strawberry-konsernet, delte i sitt foredrag på Nordmørskonferansen i Kristiansund sine ambisiøse planer for et nytt hotellprosjekt. Stordalen er Business Development Manager og involvert i eiendomsforvaltningen og leieavtalene i konsernet. Han understreket viktigheten av å videreføre arven fra sin far, Petter Stordalen, gjennom et friskt perspektiv.