I 2026 er det 300 år sidan Hans Strøm vart fødd. Jubileet vert markert gjennom eit breitt samarbeid mellom sentrale kunnskaps- og kulturinstitusjonar, og opnar med eit lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda (HVO) fredag 23. januar klokka 11.30. Markeringa set søkjelys på ein av dei mest sentrale folkeopplysarane og naturforskarane i Noreg på 1700-talet, og på verknaden arbeidet hans har hatt – både lokalt og nasjonalt.

Frå styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset. Til høgre: Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementHans Strøm 300 år: Eit jubileum med lange linjer i norsk kunnskapshistorie
I 2026 er det 300 år sidan Hans Strøm vart fødd. Jubileet vert markert gjennom eit breitt samarbeid mellom sentrale kunnskaps- og kulturinstitusjonar, og opnar med eit lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda (HVO) fredag 23. januar klokka 11.30. Markeringa set søkjelys på ein av dei mest sentrale folkeopplysarane og naturforskarane i Noreg på 1700-talet, og på verknaden arbeidet hans har hatt – både lokalt og nasjonalt.
Hans Strøm (1726–1797) vert rekna som ein av dei mest betydningsfulle naturforskarane i Noreg på 1700-talet. Han arbeidde innan fleire naturvitskaplege fagfelt, mellom anna botanikk og zoologi, og er særleg kjend for topografien om Sunnmøre. Dette verket fekk stor merksemd, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt, og plasserte Strøm i ein europeisk opplysingstradisjon der systematisk kunnskapsinnsamling stod sentralt.
Strøm var prest i Volda i perioden 1764–1779. Prestegjerninga kombinerte han med omfattande vitskapleg arbeid. I denne perioden fekk han òg ei viktig rolle i utviklinga av skriftkulturen på Søre Sunnmøre. Som prest vart han merksam på bygdeungdom med boklege interesser og evner, og han la til rette for kunnskapsdeling og lesing i lokalsamfunnet.
Ein av dei han fekk kontakt med, var Sivert Aarflot, som seinare vart ein sentral folkeopplysningsmann i Volda. Aarflot grunnla det første folkebiblioteket på landsbygda i Noreg, og boksamlinga hans vart seinare ei viktig kunnskapskjelde for Ivar Aasen. Slik kan ein trekkje klare historiske liner mellom Strøm, Aarflot og Aasen – tre skikkelsar som på kvar sin måte la grunnlag for varige strukturar innan kunnskap, språk og kultur.
.jpg)
Markeringa av 300-årsjubileet er mogleggjort gjennom støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, som har innvilga midlar til jubileumsåret 2026. Målet er å heidre og formidle arven etter Hans Strøm gjennom ei rekkje arrangement.
Jubileet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum v/Aasentunet, Stiftinga Viti, Romsdalsmuseet og Runde Miljøsenter. Samarbeidet speglar både breidda i Strøm sitt virke og aktualiteten i arven hans i møtepunktet mellom naturvitskap, kulturhistorie og folkeopplysning.
.jpg)
Det første arrangementet i jubileumsåret er lunsjseminaret i biblioteket ved HVO 23. januar. Her vil førstelektor Marit Brekke ved Høgskulen i Volda halde eit fagleg innlegg om Hans Strøm som vitskapsmann og folkeopplysar. Seminaret markerer starten på eit jubileumsår som skal løfte fram både forskaren, presten og samfunnsaktøren Hans Strøm.
Vidare informasjon om komande arrangement i jubileumsåret vil bli publisert fortløpande på Høgskulen i Volda si nettside.
Hans Strøm 300 år: Eit jubileum med lange linjer i norsk kunnskapshistorie

På Kulturfabrikkens Klubbscene 22. oktober ble Iren Reppens «Sexy nok» presentert som en selvhjelpskonsert. Det er en treffende, men ikke helt dekkende merkelapp: Forestillingen er også konsert, standup og personlig fortelling, sydd sammen av nye sanger og Reppens direkte kontakt med publikum. Den vil ikke love noen raske løsninger. Tvert imot får publikum beskjed om at dersom noen spør om de føler seg bedre etterpå, bør svaret være «overhodet ikke». Også setter Reppen tonen med en entusiastisk erklæring:– Æ hete Iren Kleppen og e popstjerne.

På Campus i Kristiansund snakket psykolog, forfatter og friluftsentusiast Johanne S. Refseth om frykt som både varsellampe og hindring. I foredraget «Tøffere enn du tror» var budskapet ikke at vi skal bli uredd, men at vi kan lære å forstå reaksjonene våre og ta små steg mot det vi ønsker å få til.

Bargee, eller Filip Bargee Ramberg som han egentlig heter, viser nye sider av seg selv på SYNDEBUKKEN (Utvidet). Med en blanding av hiphop, pop, funky rytmer og følsomme melodier tar han lytteren med inn i et personlig univers preget av kjærlighetssorg, oppvekst, dårlige valg og håpet om å finne veien videre.