Artikkelserie 1 av 2. Frå klassiske teaterroller til film og fjernsyn har Morten Svartveit gjennom fleire tiår etablert seg som ein av dei mest markante skodespelarane ved Det Norske Teatret. Denne sommaren står han i rolla som Olav Haraldsson. Men for Svartveit handlar ikkje den historiske kongen først og fremst om helgenstatus eller nasjonalmytar. Han vil finne mennesket bak makta – eit menneske som tvilar, tek val og må bere konsekvensane av dei.

Morten Svartveit, med steinskulpturen av st. Olav i bakgrunnen. Foto: Erk Aukan / Applausen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementMorten Svartveit er utdanna ved GITIS i Moskva og har gjennom eit langt skodespelarliv arbeidd med både klassisk og moderne dramatikk. Publikum kjenner han òg frå film og fjernsyn, mellom anna gjennom Heimebane, Okkupert, Pørni, Stjernestøv, Gulltransporten og Victoria må døy. Denne sommaren møter publikum han i rolla som Olav Haraldsson.
Når Applausen møter Svartveit, er det ikkje historia om kongen eller slaget som står i sentrum. Samtalen handlar om skodespelarfaget, om tvil og tru, og om korleis ein går laus på ein person som gjennom tusen år har vore både konge, helgen og nasjonalt symbol.
– Kva var det som gjorde at du takka ja til rolla som Olav Haraldsson?
Svartveit smiler.
– Eg hadde høyrt mykje om Spelet om Heilag Olav. Det har eit godt omdøme, og då Nina Wester tok kontakt, trong eg eigentleg ikkje mykje betenkningstid.
Han peikar på storleiken i prosjektet.
– Dette er ei oppsetjing der profesjonelle skodespelarar arbeider saman med eit stort tal frivillige, eit fullt symfoniorkester, eit stort mannskor og fleire tusen publikummarar. Det er ei oppgåve som heng høgt. Når ein får høve til å vere med på noko slikt, er det lett å seie ja.
For Svartveit handlar det ikkje berre om å spele ei historisk rolle.
– Det handlar om å bli ein del av eit stort kunstnarleg fellesskap.
Gjennom hundreåra har Olav Haraldsson blitt framstilt på mange ulike måtar. Nokre ser han først og fremst som ein helgen og ein heilag konge. Andre ser ein hardhendt og brutal herskar som brukte makt for å samle landet.
– Under framsyninga opplever vi ein Olav som er langt meir samansett enn den tradisjonelle helgenfiguren mange kanskje ventar seg. Det er eit mangefasetert menneskje. Det finst både varme og brutalitet. Var det viktig for deg å vise den sida?
– Ja, svarar Svartveit utan å nøle, – Eg har prøvd å finne mennesket Olav.
Han meiner det er der den interessante rolla ligg.
– Vi veit frå historiske kjelder at han kunne vere brutal. Vi veit òg at han var djupt truande. Men eg trur ikkje tru finst utan tvil. Har du aldri tvilt, veit du kanskje heller ikkje kva tru eigentleg er.
Det er denne motsetnaden han har arbeidd med.
– Om eg berre spelar kongen eller berre spelar helgenen, blir karakteren flat. Eg ønskjer å finne mennesket bak alle merkelappane.

Eit gjennomgåande tema i samtalen er korleis Olav stadig blir utfordra i trua si.
– Fleire gonger blir han stilt overfor val der han kunne gjort livet lettare for seg sjølv. Likevel held han fast ved det han meiner er rett. Kva tenkjer du skjer i desse situasjonane?
Svartveit meiner det nettopp er her dramaet ligg.
– Han veit at oddsen er mot han. Han veit at han har altfor få menn. Samstundes kjem freistinga. Han får tilbod om hjelp som kunne endra utfallet.
Han blir stille eit lite sekund.
– Eg trur han verkeleg har lyst til å ta imot den hjelpa.
Likevel gjer han det ikkje.
– Der kjem tvilen inn. Han prøver å halde fast ved trua, men det kostar. For meg er det mykje av kjernen i karakteren.
Applausen: – Så tvilen er ikkje motsetnaden til trua?
– Nei, tvert imot. Eg tenkjer at dei høyrer saman. Det er gjennom tvilen trua blir prøvd.

Gjennom historia har kongar ofte blitt framstilte som urokkelige leiarar. Svartveit meiner verkelegheita må ha vore langt meir samansett.
– Du skil ofte mellom den offentlege og den private Olav. Kva meiner du med det?
– Eg trur alle menneske har eit privat rom. Sjølv om du er konge, ber du på dei same grunnleggjande spørsmåla som alle andre.
Forskjellen ligg i ansvaret.
– Framfor hæren må han vere den sterke leiaren. Han kan ikkje vise usikkerheit. Han må framseta som om han veit kvar han skal.
Men bak fasaden skjer noko anna.
– Eg trur han tvilar. Eg trur han stiller spørsmål ved eigne val. Eg trur han kjenner frykt. Det er den private Olav eg har prøvd å leite etter.
For Svartveit er det nettopp denne spenninga som gjer historia relevant også i dag.
– Leiarar er menneske. Dei tek avgjerder under press, og dei veit ikkje alltid om dei vel rett.
– Vi opplever ein mangefasettert Olav som endrar seg gjennom framsyninga. Han står ikkje stille.
– Det håpar eg publikum ser, svarar Svartveit.
Han meiner utvikling er sjølve fundamentet i alt skodespelararbeid.
– Eg synest alltid det er meir interessant å spele eit menneske enn ein type. Om publikum berre ser «kongen» eller «helgenen», har eg eigentleg ikkje lukkast.
Han ønskjer at publikum skal få følgje eit menneske gjennom ei reise.
– Det er den reisa eg har prøvd å finne.
Korleis skal vi forstå kong Olav Haraldsson i dag? Er han den same kongen som publikum møtte i dei første oppsetjingane på 1950-talet? For Morten Svartveit er svaret nei. Han meiner både teateret og samfunnet har endra seg – og at det også har endra måten vi ser historiske leiarar på.

Før prøvane tok til, valde Morten Svartveit å gå attende til kjeldene. Han las ikkje berre det manuskriptet som blir spela i dag, men fleire av dei tidlegare versjonane.
Det gav han eit nytt perspektiv på rolla.
– Du har fortalt at du las manus heilt attende til den første oppsetjinga. Kva oppdaga du?
– Det var veldig interessant, svarar Svartveit.
– Eg las den opphavlege versjonen frå 1954 og fleire av dei seinare omarbeidingane. Då ser ein at historia ikkje berre handlar om Olav. Ho handlar òg om den tida manusforfattarane levde i.
Han meiner det er heilt naturleg.
– Kvart samfunn fortel historia på sin måte.
– Kva er den største skilnaden mellom den første versjonen og den vi møter i dag?
Svartveit tenkjer seg om.
– Den første Olav framstår mykje meir sikker. Han veit kva som er rett. Han blir nesten ein prestefigur, ein mann med alle svara.
Han meiner det heng saman med tida stykket vart skrive.
– Etter krigen trong landet samlande figurar. Ein trong kanskje nokon som stod støtt, som visste kvar ein skulle.
I dag ser han ei anna utvikling.
– No er vi meir interesserte i mennesket. Vi ønskjer ikkje nødvendigvis leiarar som verkar ufeilbarlege. Vi ønskjer å forstå kva dei tvilar på, kva dei strevar med, og korleis dei kjem fram til vala sine.
For Svartveit er det denne utviklinga som gjer den moderne Olav meir interessant å spele.
– Han blir meir gjenkjenneleg.

Samtalen glir naturleg over på leiarskap.
– Er det kanskje derfor publikum lettare kan kjenne seg att i denne Olav enn i den meir høgtidelege figuren frå dei tidlege manusversjonane?
– Ja, det trur eg.
Han meiner forventningane til leiarar har endra seg.
– Tidlegare kunne ein ønskje seg den sterke leiaren som alltid visste kva som måtte gjerast. Eg opplever at vi i dag aksepterer at også leiarar er menneske.
Det betyr ikkje at ansvaret er mindre.
– Tvert imot. Dei må framleis ta dei vanskelege avgjerdene. Men vi forstår kanskje betre at dei ikkje sit med fasiten.
Svartveit meiner dette gjer historia om Olav aktuell.
– Eg trur publikum kjenner att den situasjonen. Alle menneske må ta val utan å vite heilt sikkert om dei er rette.
Olav Haraldsson blir ofte omtalt som kongen som kristna Noreg. Men Svartveit meiner historia ikkje kan reduserast til eit spørsmål om tru åleine.
– Du peikar fleire gonger på at kyrkja òg var eit politisk verkemiddel.
– Ja. Eg trur ikkje vi kjem utanom det.
Han understrekar at tru og politikk levde tett saman i mellomalderen.
– Kyrkja var ein måte å samle riket på. Ho gav ein felles struktur og eit felles verdsbilete.
Det betyr ikkje at Olav mangla tru.
– Eg meiner han var oppriktig truande. Men det eine utelukkar ikkje det andre. Han kunne både tru og forstå kva makt kyrkja representerte.
Det er denne dobbelheita Svartveit meiner gjer historia interessant.
– Menneske er sjeldan berre éin ting.

Mot slutten av framsyninga blir publikum ikkje presentert for eit tradisjonelt slag med klare vinnarar og taparar. I staden opnar oppsetjinga for tolking.
– Slutten gir eigentleg ikkje noko fasitsvar. Publikum må sjølv leggje meining i det dei ser?
– Det er heilt medvite, seier Svartveit.
Han meiner teateret fungerer best når publikum får vere medskapande.
– Eg synest teater er på sitt sterkaste når publikum kan leggje inn sine eigne erfaringar. Om vi forklarer alt, blir det mindre å oppdage.
Korset som avsluttar framsyninga blir difor ikkje berre eit historisk symbol.
– Det kan bety ulike ting for ulike menneske.

– De løftar òg historia ut av mellomalderen. Publikum kan ikkje unngå å tenkje på konfliktar vi ser i verda i dag.
Svartveit nikkar.
– Eg trur ikkje historia berre handlar om det som skjedde den gongen. Ho handlar òg om oss.
Han peikar på at religion gjennom historia både har samla menneske og skapt konfliktar.
– Vi ser det framleis. Difor blir ikkje dette berre ei forteljing om fortida.
Han understrekar at stykket ikkje prøver å gi enkle svar.
– Eg håpar heller det får folk til å stille spørsmål.
For han er det kanskje teateret si viktigaste oppgåve.
– Når publikum går heim og framleis tenkjer på det dei har sett, då har vi gjort noko rett.
I del 2 og siste del av samtalen fortel Morten Svartveit om kvifor nynorsk eignar seg særleg godt på scena, kva dei historiske spela betyr for lokalsamfunna, og kvifor han meiner slike produksjonar representerer noko heilt unikt i norsk kulturliv, vidare om arbeidet med hestane, dei praktiske førebuingane til rolla og kva han sjølv tek med seg vidare etter møtet med Olav Haraldsson. Serien blir avslutta med eit kort portrett av skodespelaren og karrieren hans.
Morten Svartveit er utdanna ved GITIS i Moskva og har gjennom eit langt skodespelarliv arbeidd med både klassisk og moderne dramatikk. Publikum kjenner han òg frå film og fjernsyn, mellom anna gjennom Heimebane, Okkupert, Pørni, Stjernestøv, Gulltransporten og Victoria må døy. Denne sommaren møter publikum han i rolla som Olav Haraldsson.

Tredje og siste del av artikkelserie. Natt til 28. august 1916 mens verdenskrigen var på sitt heteste, gikk D/S «Wavelet» med full fart sørover fra Narvik. Skipet var lastet med kismalm, sikten var god og Hustadvika lå uvanlig stille. Like før midnatt traff skipet Bjugna.

Den norsk-irske suksessduoen Secret Garden har spilt inn sine mest kjente verk sammen med et fullt symfoniorkester i London. Resultatet er det kommende albumet Secret Symphony, som kaster helt nytt lys over klassikere som «Nocturne» og «You Raise Me Up».

Den norske popartisten Ruben Skorstad, kjent under artistnavnet RUBI, har i dag sluppet sin nyeste singel «Alltid tilbake». Låten markerer et stilskifte for artisten, som denne høsten er aktuell med sin debut-EP og konsert under musikkbransjefestivalen by:Larm i Oslo. I denne utgivelsen rettes søkelyset mot mellommenneskelige relasjoner i endring, og den tilfredsstillelsen som ligger i å sette egne grenser etter en periode med personlig vekst.