Ho frakta passasjerar, post og gods, var reservefartøy for Hurtigruta og lærte opp nye generasjonar sjøfolk. No er MS «Salten» frå 1953 freda av Riksantikvaren – som det første fartøyet av sitt slag i Nord-Noreg.

MS Salten blir freda. Foto: Vera Isachsen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementLangs norskekysten var sjøen ein gong den viktigaste ferdselsåra. Før bruer, tunnelar og eit stadig betre vegnett knytte landsdelen saman, var lokal- og kystruteskipa sjølve livsnerven mellom byar, bygder og øysamfunn.
MS «Salten» er eit minne frå denne tida. No har Riksantikvaren freda skipet som ein del av den nasjonale satsinga på kulturmiljø langs kysten.
– Sjøen var riksveg nummer éin. Gjennom fleire tiår var fartøyet eit kjent innslag i kvardagslivet langs den norske kysten. Fartøya fortel ein viktig del av Noregshistoria, om kven vi er og kvar vi kjem frå, seier riksantikvar Hanna Geiran.
MS «Salten» vart bygd i 1953, i ei tid då Noreg framleis var prega av gjenreisinga etter andre verdskrigen. Samstundes var landet på full fart inn i ei ny tid, med modernisering, teknologiske framsteg og større krav til kommunikasjon og transport.
Skipet vart bygd for å frakte både menneske, post og gods langs Nordlandskysten. Det kunne ta 180 passasjerar i kystfart og heile 290 i lokalfart.
Og om livet langs kysten kunne vere hardt, skulle ikkje reisa nødvendigvis vere det.
Innreiinga om bord vitnar om ein ambisjon om både komfort og stil. Skap og køyer vart laga i massiv teak og mahogni, medan lugarane fekk servantar med rennande varmt og kaldt vatn – ein luksus på 1950-talet.
Passasjerane var delte mellom første og andre klasse, med eigne lugarar og salongar.
Det er nettopp kombinasjonen av historie, autentisitet og godt bevart interiør som gjer «Salten» særleg verdifull.
– Med fredinga av MS «Salten» tek vi vare på eit svært godt døme på kystrutefartøya frå etterkrigstida, som batt kystsamfunna saman langs den vêrharde nordnorske kystlinja, seier Geiran.
Ho trekkjer samtidig fram innsatsen frå eigarane og dei frivillige som gjennom mange år har teke vare på fartøyet.

«Salten» var ikkje berre eit lokalt kystruteskip. I fleire år fungerte fartøyet også som fast reserve for Hurtigruta.
Det innebar at skipet måtte kunne tre inn på ei av dei viktigaste transportårene langs norskekysten når det var behov for det. Rolla stilte store krav til regularitet, sjøeigenskapar og komfort for passasjerane.
Fredinga er historisk også i nordnorsk samanheng. Ifølgje Nordland fylkeskommune er dette det første fartøyet av denne typen i Nord-Noreg som blir freda.
– Det er ein milepåle i arbeidet med å ta vare på den unike kystkulturen her nord, seier fylkesråd for næring i Nordland, Svein Eggesvik.
Han meiner fredinga både vil sikre sjølve fartøyet og gjere det lettare å formidle historia om skipet og den nordnorske kystkulturen til nye generasjonar.
Historia til «Salten» stoppa ikkje då tida som kystruteskip tok slutt. Fartøyet fekk etter kvart eit nytt liv som skuleskip. I nær tre tiår vart det brukt til maritim opplæring og rekruttering til sjøfartsnæringa.
Dermed ber skipet på fleire lag av nordnorsk historie. Det fortel både om korleis menneske og varer vart frakta langs kysten, og om korleis nye generasjonar sjøfolk fekk si opplæring.
Samtidig viser historia til skipet korleis eit fartøy kunne få nye oppgåver etter kvart som samfunnet rundt det endra seg.
For mange langs Nordlandskysten er ikkje «Salten» berre eit historisk fartøy. Skipet er knytt til eigne minne – til reiser, arbeid, skulegang og møte mellom menneske.
At fartøyet framleis i stor grad har utsjånaden det hadde då det vart bygd, gjer det til ein sjeldan representant for ei fartøygruppe som ein gong var eit heilt vanleg syn langs kysten.
Dei fleste av dei gamle lokalbåtane er for lengst borte.
– MS «Salten» er ein nasjonal kulturskatt som no blir sikra. Fredinga løftar òg fram den betydninga denne båten har hatt for folket som bur her nord, seier styreleiar i MS «Salten», Roald Ovid Isaksen.
For dei som tek vare på skipet, inneber fredinga også eit ansvar.
– Når MS «Salten» no blir freda, forpliktar det endå meir for oss som er om bord til å ta vare på MS «Salten» for kommande generasjonar, seier Isaksen.

«Salten» skal heller ikkje berre liggje ved kai som eit minne om det som var.
I dag blir skipet brukt til mellom anna overnatting, arrangement, selskap og møte. På den måten held fartøyet fram med å vere ein møteplass, samstundes som historia om kystkulturen og det maritime Nord-Noreg blir formidla vidare.
Fredinga handlar difor om meir enn å bevare eit gamalt skip. Ho handlar om å ta vare på eit fysisk minne om ei tid då sjøvegen batt Nordland saman, med menneska som reiste, arbeidde og levde langs denne vegen.
MS «Salten» har skifta både passasjerar og oppgåver gjennom meir enn 70 år. No er skipet sikra ein plass også i framtida.
Langs norskekysten var sjøen ein gong den viktigaste ferdselsåra. Før bruer, tunnelar og eit stadig betre vegnett knytte landsdelen saman, var lokal- og kystruteskipa sjølve livsnerven mellom byar, bygder og øysamfunn.

En nesten ti meter lang småbåt fra det berømte Gokstadfunnet i Vestfold skal lånes ut til Moesgaard Museum utenfor Århus i Danmark. Riksantikvaren har gitt tillatelse til at den over tusen år gamle båten kan føres ut av Norge. Utlånet kan vare i opptil ti år, men norske myndigheter understreker at den sjeldne kulturskatten skal tilbake.

Møre og Romsdal har et betydelig antall registrerte steinalderboplasser, men funnene er ujevnt fordelt. Skyldes det hvor menneskene faktisk levde, eller hvor arkeologene har lett? Dette var et av hovedspørsmålene da Kristoffer Dahle og Carl Fredrik Vemmestad fra Møre og Romsdal fylkeskommune presenterte utfordringer og nye satsingsområder under årets AMR-konferanse i Kristiansund. Et nytt faglig program for steinalderen er under utvikling.

Med en ny singel, et kommende album og en verdensturné fra 2027 går U2 inn i bandets 50-årsjubileum med planer om å vende tilbake til stadionformatet. De første konsertene legges til Latin-Amerika, mens datoer i Europa og Nord-Amerika skal annonseres senere.