Eit skipsverft kan skape arbeid og framtidstru i ei heil bygd. Men kva skjer når verftet går konkurs? I musikalen «Ringar i vatnet» fortel komponist og dramatikar Rolf Magnus Orø historia om båtbyggjaren Lars Jensen Hammeraas og Vestnes på 1860-talet. Gjennom arbeidarane, kvinnene og ein 13 år gammal gut viser han korleis ei lokalhistorisk forteljing også kan handle om samfunnet vi lever i i dag.

Rolf Magnus Orø. Foto: Edmund Melkild
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementDet byrja med eit oppdrag om den trondhjemske postvegen. Rolf Magnus Orø skulle skrive eit teaterstykke om ferdselsåra gjennom Vestnes og la handlinga til 1862, då Henrik Ibsen vitja bygda. Arbeidet førte han inn i historiske kjelder og møte med personar som hadde sett spor etter seg i skriftlege dokument.
– Eg kunne byggje faktiske karakterar på ting som eg kunne dokumentere kva dei hadde sagt, og kva dei stod for, fortel Orø.
Under arbeidet oppdaga han Lars Jensen Hammeraas, som kom til Romsdal i 1853. Hammeraas hadde med seg kunnskap om skipsbygging og lærte opp handverkarar som seinare førte kunnskapen vidare til andre stader på Nordvestlandet.
– Eg skjøna at han var viktig for oppbygginga av skipsverftsnæringa, ikkje berre på Vestnes, men elles i fylket òg.
– Men kva var det eigentleg som gjorde at historia om Hammeraas voks fram som ei eiga forteljing? Var det postvegen som gjorde dette mogleg, eller oppdaga du etter kvart ei anna historie?
– Det eine handla om eit tidlegare stykke om postvegen. «Ringar i vatnet» er eit heilt anna stykke, som handlar om båtbygginga og det som skjedde rundt henne.
Orø hadde funne ei historie om meir enn éin båtbyggjar. Han hadde oppdaga korleis eit skipsverft kunne forandre eit heilt lokalsamfunn.

På 1800-talet reiste mange nordmenn til Amerika for å finne arbeid og betre levekår. Samstundes voks det fram nye arbeidsplassar langs norskekysten. På Vestnes fekk skipsbygginga stor betydning.
– Det som blir sagt både i stykket og som eg har lært elles, er at når éin person fekk arbeid på verftet, resulterte det gjerne i fem nye arbeidsplassar i bygda.
Orø viser til korleis verftet skapte behov for trelast, handverkarar, mat, klede og andre varer for å dekkje behovet det hadde. Fleire menneske med inntekt gav grunnlag for meir handel og nye verksemder.
– Eg har tenkt på Vestnes som Noregs svar på Amerika. Folk flytta hit fordi det var arbeid å få.
Det er eit godt bilete på kor mykje ein arbeidsplass kunne bety i eit samfunn der mange elles såg få framtidsmoglegheiter.
– Vi ville i dag ha kalla dette ei hjørnesteinsbedrift. Når ei slik verksemd veks, kan heile lokalsamfunnet vekse med henne. Men kva skjer dersom ho forsvinn?
– Då er det ikkje berre dei som arbeider på verftet som mistar arbeidet.
Orø trekkjer parallellar til industrisamfunn som Mo i Rana og Sunndal, der store verksemder har vore avgjerande for sysselsetjinga.
– Når det blomstrar, blomstrar heile bygda. Når det går gale, får det også ringverknader.
Det er nettopp denne samanhengen som har gitt musikalen namnet.

Første akt er lagd til 1864, då verftet arbeider med fartøyet «Søblomsten». Fire år seinare har situasjonen endra seg. I 1868 fekk Hammeraas økonomiske problem, og verksemda gjekk konkurs.
– Då var det ikkje berre han som gjekk konkurs. Det var ikkje berre arbeidarane på verftet som mista arbeidsplassane sine. Mange andre som hadde bygd opp verksemda si rundt verftet, fekk også store problem.
Orø har mellom anna arbeidd med eit historisk avisinnlegg frå advokaten som var involvert i konkursbehandlinga. Slik han les kjelda, reagerte advokaten sterkt på at kreditorane kravde inn gjelda, trass i verdiane Hammeraas hadde skapt for lokalsamfunnet. Gjelda var heller ikkje så høg at dei kunne avverga det.
– Konkursen blir då ikkje berre ei økonomisk hending, men ei forteljing om familiar som mistar inntekta si, og om eit samfunn som mistar grunnlaget for mykje av aktiviteten sin?
– Det er nettopp det. Historia er aktuell i dag, og ho er aktuell kvar som helst i verda.
Etter konkursen vart verftet stengt og eigedelane selde på tvangsauksjon. Men kunnskapen forsvann ikkje. Arbeidarane heldt fram med mindre båtbyggingsarbeid, og etter kvart voks ønsket om å få den større verksemda i gang igjen.
– Dei gjekk saman og sa at dette ikkje kunne halde fram. Dei måtte få verftet i drift igjen.
Hammeraas kom ikkje til eit samfunn utan båtbyggjartradisjonar. Det vart bygd båtar på Nordvestlandet lenge før han kom, typiske småbåter som klinkbygde færingar, der bordgangane overlappa kvarandre. Men han førte med seg kunnskap om kravellbygging, der bordgangane ligg kant mot kant, i motsetnad til klinkbygging, der dei overlappar.
– Då kunne ein byggje båtane mykje større og også forlengje båtar som eksisterte frå før.
Orø peikar på at Hammeraas både utvikla handverket og lærte det vidare. Verftet vart på mange måtar ein skule der yngre handverkarar fekk opplæring gjennom praktisk arbeid. Dette blir óg eit viktig perspektiv i musikalen. Verdien av eit skipsverft låg ikkje berre i fartøya som vart bygde, men også i kunnskapen som menneska tok med seg vidare.
– Han hadde med seg kunnskap, og han hadde ein genialitet når det galdt å vidareutvikle denne kunnskapen og føre han vidare til andre.

Sjølv om Hammeraas er utgangspunktet, er det den oppdikta Konrad som ber mykje av den personlege handlinga. Han er 13 år, interessert i båtar og drøymer om å arbeide på verftet. Men han er ikkje konfirmert og kan difor ikkje få fast arbeid der. Medan faren er på lofotfiske, får Konrad eit brev. Faren skriv at guten skal vere i hans stad og vere mannen i huset medan han er borte. Konrad er stolt over å bli tiltrodd ansvaret som mannen i heimen når faren er på fiske, men kort tid etter kjem meldinga om at faren har omkome på sjøen.
– Plutseleg står han der som 13-åring og kjenner på eit reelt ansvar for å vere mannen i huset.
– Dette brevet er ikkje berre noko du har dikta for musikalen?
– Det er faktisk historia til far min. Han fekk dette brevet frå sin far, som døydde på fiske då pappa var ti år.
Orø har teke vare på kopiar av brevet. I musikalen har han flytta den verkelege familiehistoria inn i forteljinga om Konrad.
– Eg skjøna eigentleg først betydninga av dette då eg byrja å arbeide med musikalen.
Når Konrad endeleg får arbeide med det han meistrar, blir verftet også grunnlaget for å kunne hjelpe familien. Difor blir konkursen eit personleg samanbrot.
– Når verftet går konkurs, kan ikkje Konrad oppfylle det han har lova far sin. Han kan ikkje forsørgje familien med løna frå arbeidet sitt.
Brevet blir eit gjennomgåande motiv. Det bind saman ansvaret guten kjenner, arbeidslivet han ønskjer seg, og dei økonomiske kreftene han ikkje kan kontrollere.
– Den store utfordringa når ein skal skrive teaterstykke, er å leite etter den vesle historia som fortel den store.
Ei av scenene Orø legg størst vekt på, går føre seg i klasserommet. Konrad kan mykje om båtar, men slit med lesing, skriving og rekning. Han blir mobba fordi han ikkje meistrar dei teoretiske faga. Ei skuleflink jente blir på si side mobba fordi ho kan for mykje. Konflikten endar med at Konrad slår sund den lille skrivetavla si. Læraren ber han ta fram hendene, og guten ventar å bli straffa med peikestokken. I staden legg læraren peikestokken i hendene hans og ber han undervise klassen i båtbygging.
– Han blir plutseleg den store helten i klassen.
– Her viser du ei motsetning vi framleis diskuterer: verdien av praktisk kunnskap samanlikna med teoretiske ferdigheiter. Er dette noko av det viktigaste du ønskjer å få fram?
– For meg er det eit særdeles viktig poeng.
Når Konrad teiknar ein båt med trekanta segl, nyttar læraren høvet til å forklare geometri. Det blir utgangspunktet for songen «Pytagoras». Scena viser at praktisk arbeid og teoretisk kunnskap ikkje treng stå i motsetning til kvarandre. Det handlar om å finne ein inngang til læring som gir meining for eleven.
– Det er mange som har sagt til meg at denne scena burde vore pensum for alle som skal bli lærarar, og for alle som skal bestemme skulepolitikken.

Orø har også vore oppteken av kvinnene sine roller i kystsamfunnet. I musikalen utfordrar Ulrikke førestillinga om at det berre er mannen som skaper inntektene fordi han reiser på fiske. Ho spør kven som passar barna, driv garden og held hushaldet i gang medan mannen er borte.
– Dersom ho ikkje hadde gjort dei jobbane, ville ikkje mannen hatt moglegheit til å vere på fiske og tene pengane.
– Dette er eit arbeid som ofte har fått mindre plass i historieskrivinga, nettopp fordi det ikkje nødvendigvis gav direkte løn. Kvinnene og borna jobba til dømes mykje med å bearbeide fisk i land, slik som i klippfiskbransjen. Er det viktig for deg å vise at heile familien var ein del av økonomien?
– Det er eit samarbeid om å få den løna.
Orø fortel at han har lese fagstoff og vore i kontakt med fagfolk for å kunne skildre kvinnene sine roller på ein truverdig måte.
– Dette er noko som har vore etterlyst i historia, og eg ville prøve å bidra til å synleggjere kvinnerollene.

Orø er ikkje historikar, men han har lagt stor vekt på kjeldearbeidet. Når han brukar verkelege historiske personar, ønskjer han å kunne dokumentere meiningane og handlingane han tillegg dei.
– Eg har ikkje lyst til å dikte rundt historiske personar og tillegge dei meiningar eller handlingar som eg ikkje kan dokumentere på ein eller annan måte.
Samstundes må ein musikal ha rom for humor, song og sceniske verkemiddel. Det tydelegaste dømet er Amerika-agenten, som sel billettar til utvandringa. Han opptrer i eit stort shownummer med rock og storband, eit uttrykk som medvite bryt med 1860-talets stil.
– Det var ikkje slik dei såg ut på den tida. Men det var det dei gjorde, som eg ønskte å vise.
– Det teatralske med agenten blir vel her meir som eit virkemiddel for å syne kor stemninga var i den tida, mens historia sjølve er sannferdig?
Agenten skal overtyde folk om at framtida ventar i Amerika. Den overdrivne framstillinga synleggjer korleis draumen om eit betre liv vart seld.
– Historia er sannferdig. Det er framstillinga som er meir teatralsk.

«Ringar i vatnet» hadde urpremiere hausten 2025. Til oppsetjinga i oktober 2026 har Orø arbeidd vidare med manus og musikk.
– Vi har gjort stykket 35 minutt kortare. Overgangane er strammare, og det er fleire songar.
Produksjonen samlar lokale skodespelarar, songarar, musikarar, handverkarar og frivillige. Vestneshallen blir bygd om til ein teatersal med rundt 500 plassar. Orø fortel at mange frå lokalsamfunnet har bidrege med scenografi, materialar og praktisk arbeid.
– Eg trur mange har ei oppleving av at dei har ein finger med i spelet, bokstaveleg tala.
– Det er nesten ein parallell til historia de fortel. Musikalen handlar om korleis eit stort felles prosjekt skaper aktivitet rundt seg. No skjer noko liknande gjennom sjølve produksjonen av musikalen?
– Mange har fått eigarskap til musikalen. For dei er dette deira historie.
Orø håpar framsyninga kan bli ein tradisjon på Vestnes, gjerne med oppsetjing annakvart år. Han omtalar musikalen som sitt hovudverk etter eit langt liv med musikk og teater. Likevel er det ikkje berre resultatet på scena han er stolt av, men også samarbeidet som har gjort produksjonen mogleg.
– Kva ønskjer du at publikum skal sitje att med etter ei framsyning?
– Kva har du lært? Og kva var det som rørte ved deg?
For Orø er målet at publikum både skal bli engasjerte og forstå meir av samanhengane som held eit samfunn oppe. Det er også kjernen i historia om Hammeraas. Eit skipsverft kunne gi ei bygd arbeid og framtidstru. Då verksemda fall saman, merka menneska rundt konsekvensane. Men handverket, kunnskapen og viljen til samarbeid levde vidare.
Det er nettopp desse ringverknadene «Ringar i vatnet» ønskjer å synleggjere.

Det byrja med eit oppdrag om den trondhjemske postvegen. Rolf Magnus Orø skulle skrive eit teaterstykke om ferdselsåra gjennom Vestnes og la handlinga til 1862, då Henrik Ibsen vitja bygda. Arbeidet førte han inn i historiske kjelder og møte med personar som hadde sett spor etter seg i skriftlege dokument.

På Kulturfabrikkens Klubbscene 22. oktober ble Iren Reppens «Sexy nok» presentert som en selvhjelpskonsert. Det er en treffende, men ikke helt dekkende merkelapp: Forestillingen er også konsert, standup og personlig fortelling, sydd sammen av nye sanger og Reppens direkte kontakt med publikum. Den vil ikke love noen raske løsninger. Tvert imot får publikum beskjed om at dersom noen spør om de føler seg bedre etterpå, bør svaret være «overhodet ikke». Også setter Reppen tonen med en entusiastisk erklæring:– Æ hete Iren Kleppen og e popstjerne.

På Campus i Kristiansund snakket psykolog, forfatter og friluftsentusiast Johanne S. Refseth om frykt som både varsellampe og hindring. I foredraget «Tøffere enn du tror» var budskapet ikke at vi skal bli uredd, men at vi kan lære å forstå reaksjonene våre og ta små steg mot det vi ønsker å få til.

Bargee, eller Filip Bargee Ramberg som han egentlig heter, viser nye sider av seg selv på SYNDEBUKKEN (Utvidet). Med en blanding av hiphop, pop, funky rytmer og følsomme melodier tar han lytteren med inn i et personlig univers preget av kjærlighetssorg, oppvekst, dårlige valg og håpet om å finne veien videre.