Korleis omset ein ein roman frå eit språk ein ikkje kan? Det er utgangspunktet for Sivert N. Nesbøs nye roman «Kirja», som kjem 2. oktober. Her tek han lesaren med inn i eit uvanleg litterært prosjekt – på jakt etter språk, litteratur og noko som kanskje ligg utanfor dei vante kategoriane våre.

Kirja av Sivert N. Nesbø kjem ut 2. oktober.
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementDet høyrest nesten ut som eit litterært eksperiment: Ta ein finsk romanklassikar og byrja å omsetje han utan å kunne eit einaste ord finsk.
Det er nettopp dette prosjektet Sivert N. Nesbø tek utgangspunkt i i den nye romanen «Kirja». Tittelen tyder ganske enkelt «bok» på finsk.
I boka følgjer vi forfattaren i arbeidet med å omsetje «Uuni» («Omnen») av den finske forfattaren Antti Hyry. Utan forkunnskapar i språket kastar Nesbø seg inn i teksten og prøver tolmodig å finne vegen gjennom han – ord for ord og setning for setning.
– Eg skriv meg inn i romanen medan språket er ukjend, ord for ord, ei setning etter den andre; eg lærer meg språket ved å omsetje ein roman og litt etter litt er det eitkvart som røyver seg, eg veit ikkje kva som liknar på dette, heiter det i «Kirja».
.jpg)
Det uvanlege omsetjingsprosjektet utviklar seg samstundes til noko langt meir enn ei forteljing om å lære seg eit nytt språk.
«Kirja» undersøkjer kva som skjer med eit menneske som brukar livet sitt på litteraturen. Nesbø flettar saman reiseskildringar og glimt frå eige liv med refleksjonar kring språk, skriving, tolking og litteratur.
Sentralt står sjølve omsetjinga – og spørsmålet om kva som skjer når ein tekst skal finne ei ny form på eit anna språk.
– Å setje om er å skape noko nytt, ein ny tekst, som òg skal ha litterær verdi. Det er mykje som skal klaffe og alltid svært mange usikkerhetsmoment. Omsetjing, med det grundige språkarbeidet som då krevst, har òg den funksjonen at språket til forfattaren stundom vert gjort framand for han sjølv att, seier Nesbø.
Møtet med finsken blir dermed også ein måte å sjå sitt eige språk på med nye auge. Gjennom det langsame arbeidet med teksten blir orda og setningane framande nok til at dei kan oppdagast på nytt.
Sivert Nikolai Nesbø, fødd i 1982, debuterte med romanen «Skårgangar» i 2013 og har sidan gitt ut fleire bøker. Den førre romanen hans var «Varme og vatn», som kom i 2021.
Same året gav han ut «Framom døden», den nynorske omsetjinga hans av William Faulkners «As I Lay Dying». For dette arbeidet vart Nesbø nominert til Bastianprisen.
Han har òg vore leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen i fem år og er i dag leiar for Den norske Forfatterforening.
Med «Kirja» vender Nesbø merksemda mot sjølve grunnstoffet i arbeidet til både forfattaren og omsetjaren: språket. Samstundes utforskar han kva som kan skje når ein går inn i noko heilt ukjent og lèt det langsame arbeidet med orda vise vegen.
«Kirja» kjem ut på Bonnier 2. oktober.
Det høyrest nesten ut som eit litterært eksperiment: Ta ein finsk romanklassikar og byrja å omsetje han utan å kunne eit einaste ord finsk.

En nesten ti meter lang småbåt fra det berømte Gokstadfunnet i Vestfold skal lånes ut til Moesgaard Museum utenfor Århus i Danmark. Riksantikvaren har gitt tillatelse til at den over tusen år gamle båten kan føres ut av Norge. Utlånet kan vare i opptil ti år, men norske myndigheter understreker at den sjeldne kulturskatten skal tilbake.

Møre og Romsdal har et betydelig antall registrerte steinalderboplasser, men funnene er ujevnt fordelt. Skyldes det hvor menneskene faktisk levde, eller hvor arkeologene har lett? Dette var et av hovedspørsmålene da Kristoffer Dahle og Carl Fredrik Vemmestad fra Møre og Romsdal fylkeskommune presenterte utfordringer og nye satsingsområder under årets AMR-konferanse i Kristiansund. Et nytt faglig program for steinalderen er under utvikling.

Med en ny singel, et kommende album og en verdensturné fra 2027 går U2 inn i bandets 50-årsjubileum med planer om å vende tilbake til stadionformatet. De første konsertene legges til Latin-Amerika, mens datoer i Europa og Nord-Amerika skal annonseres senere.