Kvar bygning på Kvernes bygdemuseum representerer meir enn tømmer, torv, stein og gamle gjenstandar. Husa fortel om fiskarbønder, embetsfolk og storfamiliar, om kvardagsliv, ulykker og folketru. Under eit besøk på museet viste guide Ann Marit Røros korleis bygningane er flytta frå sine opphavlege stader og samla til eit kulturhistorisk anlegg som dokumenterer fleire hundre år med lokal historie.

Ekkilsøystua på Kvernes gamle bygdemusum. Foto Erik Aukan / Applausen
Abonner for tilgang, eller logg inn hvis du allerede er abonnent.
Se abonnementPå sporet av kysthistoria – Kvernes bygdemuseum tek vare på forteljingane som elles ville ha gått tapt
Kvar bygning på Kvernes bygdemuseum representerer meir enn berre tømmer, torv, stein og gamle gjenstandar. Husa fortel om fiskarbønder, embetsfolk og storfamiliar, om kvardagsliv, ulykker og folketru. Under eit besøk på museet viste guide Ann Marit Røros korleis bygningane er flytta frå sine opphavlege stader og samla til eit kulturhistorisk anlegg som dokumenterer fleire hundre år med lokal historie.
Eit av dei første stoppa er eit eldre fiskarhus som heter Grønsetstua. Huset blir rekna for å vere bygd mot slutten av 1600-talet og var busett heilt fram til 1939.
Blant dei mest kjende bebuarane var fiskaren Rasmus Johansen, som omkom på havet utanfor Grip i 1844 saman med tre andre frå same området. Etter hans tid budde det framleis folk i huset, som var i bruk heilt fram til 1939.
– Den siste som byggsla huset var Johan Rasmus Johansen på 1800-talet. Han omkom på havet utanfor Grip i 1844 saman med tre andre. Huset var seinare etter dette også bebodd heilt fram til 1939, fortel Ann Marit Røros.
Sjølv om dette var det første huset museet kjøpte inn, var det ikkje det første som vart flytta til museumsområdet.
Ann Marit Røros peikar på at etableringa av museet heng tett saman med hendingane under andre verdskrigen.
– Dette er det første huset som vart kjøpt av museet, men ikkje det første som vart flytta hit. Museet vart grunnlagt i 1941 som eit resultat av bombinga av Kristiansund. Ein ville sikre kulturhistoria dersom meir skulle gå tapt, seier ho.

Inne i bygningane er romma fylte med gjenstandar som er komne inn som gåver frå folk i distriktet. Mange av dei har ei kjend historie, medan andre framleis ventar på å bli identifiserte.
Ann Marit Røros understrekar at samlinga stadig veks.
– Vi finn nye gjenstandar heile tida. Mykje er gjeve av folk, og vi prøver å finne ut mest mogleg om kvar enkelt gjenstand, seier ho.

Vidare går turen til Ekkilsøy-stua, ei røykstove som truleg vart bygd godt ut på 1600-talet. Museet kjøpte bygningen i 1957, men mykje tyder på at han har vore flytta fleire gonger tidlegare.
På ein av dørkarmane står innskrifta «John Larsson Anno 1738». Etter alt å dømme viser dette til ei av dei fleire flyttingane huset har gjennomgått.
– Vi reknar med at innskrifta frå 1738 viser til ei flytting av huset. Sjølve bygningen er eldre enn det, forklarer Røros.
.jpg)
Eit av dei mest særmerkte elementa i stova er ei lita opning i veggen. Ho måler om lag éin meter i høgda og 44 centimeter i breidda, og har gitt opphav til fleire teoriar.
Den mest utbreidde forklaringa handlar om eldre folketru knytt til døden.
– Luka er éin meter høg og 44 centimeter brei. Vi reknar med at ho anten vart brukt til å bere ut ein avdød eller hadde samanheng med folkemedisin og folketru. Trua var at den døde ikkje skulle førast ut hovuddøra. Gjorde ein det, kunne vedkomande finne vegen inn att og bli att i huset og uroa dei levande. Bar man den daude ut gjennom ei luke som vart stengd igjen, trudde ein ikkje det var mogleg å kome tilbake, fortel Røros.
På utsida har luka seinare vorte skjult bak bordkledning, men opphavleg kan ho ha vore synleg i tømmerveggen.

Red. amn: Det eksisterer historier som er overførte heilt tilbake frå middelalderen og vikingtida.
Skikken har røter i gammal nordisk folketru. Frå mellomalderen er det kjent at fleire hus hadde ei eiga likdør eller likluke, brukt når den døde skulle berast ut. Tanken var at den avlidne ikkje skulle finne attende til huset som gjengangar. Sjølv om draugar og attgengarar er velkjende frå dei islandske sogene, er det ikkje sagaene som fortel om denne skikken. Ho er dokumentert gjennom norsk folketru og eldre byggjeskikk frå mellomalderen.
Historia om opninga i veggen har også parallellar i den norrøne sagalitteraturen. I både Eyrbyggja saga og Egils saga blir den døde boren ut gjennom eit hol, ikkje luke, som blir brote i veggen, ikkje gjennom husdøra. Skikken skulle hindre at den døde fann vegen tilbake og gjekk att som draug. Trass i dette blir Þórólfr halt-fótr i Eyrbyggja saga ein av dei mest frykta draugane i dei islandske sogene.

Museet omfattar også ei stove frå slutten av 1700-talet, Bertelhagstua. Bygningen vart nytta som bustad for arbeidarar ved kobberverket på Averøya. I andre etasje står ei seng innrede for folk som gjekk på legd som illustrerer den gamle legdordninga.
Ann Marit Røros forklarer ordninga slik:
– Folk var pliktige til å ta inn fattige menneske. Det gjaldt å passe på at dei ikkje døydde medan dei budde hos deg, for då måtte du betale gravferda. Det er det vi kallar å vere på legd, seier ho.

Eit anna høgdepunkt er stabburet frå Aspagarden, ein av dei få bygningane som overlevde den store gardsbrannen i 1804. Ifølgje tradisjonen vart bygningen redda ved at støttebeina (stabbane) vart hogde av, slik at stabburet kunne skubbast ned ei bakke og bort frå flammane.
– Det blir sagt at dei hogg av støttene og skuva stabburet ned bakken for å redde det frå brannen. Familien var avhengig av maten som var lagra der, fortel Røros.
Ho peikar også på at storleiken på stabburet seier noko om eigarane.
– Det er større enn dei fleste stabbur. Det viser kor stor og ressurssterk familien var. Stabburet står høgt over bakken for å halde mus og andre skadedyr borte frå matlageret, seier Røros.

På sporet av kysthistoria – Kvernes bygdemuseum tek vare på forteljingane som elles ville ha gått tapt

Med sin enorme scenepersonlighet trollbandt Sofi O publikum i Molde. Der spilte hun låter fra sitt solodebutalbum Radio Sofi O.
.jpg)
Molde, fredag 17. juli 2026: Da Ytre Suløens Jass-Ensemble inviterte New Orleans-legenden Leroy Jones til kirkekonsert i Molde domkirke under Moldejazz, var det som å reise tilbake til festivalens aller første år. Konserten ble en varm påminnelse om hvorfor nettopp New Orleans-jazzen var selve grunnmuren da Moldejazz vokste fram på 1960-tallet – og hvorfor denne fengende musikken fortsatt treffer publikum med full kraft.